Hopp til innhold

Knapt fleirtal sa ja til oppdrettsanlegg midt i Hardangerfjorden

NORHEIMSUND (NRK): Høglytte protestar, skuldingar om inhabilitet og tårer i heradsstyret. Men protestane førte ikkje fram i den betente arealsaka i Hardanger.

Kvamsøy i Hardanger tatt frå Aksnes i Kvam herad

OMSTRIDD: Mellom Kvam og Jondal er Hardangerfjorden på sitt breiaste og djupaste. Like til høgre for Kvamsøy har det vore planar om å leggja til rette for oppdrett, noko som har skapt store reaksjonar i hardangerkommunen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Tysdag ettermiddag tok heradsstyret i Kvam stilling til kommuneplanen for 2019–2030.

Eitt av punkta i planen for korleis hardangerkommunen skal utvikla seg vidare har skapt særleg store reaksjonar.

I planen er det nemleg føreslått å opna for akvakultur sør for Kvamsøy. I dette området er Hardangerfjorden på sitt breiaste. Oppdrettsselskapet Lingalaks har eit ønske om å flytta sitt anlegg i Fyksesund ut i dette området.

Øya er statleg sikra og registrert som svært viktig friluftsområde.

På veg inn til møtet vart kommunepolitikarane møtt av demonstrantar som protesterer mot oppdrettsplanane. Dei fryktar naturen blir øydelagd.

Demonstrasjonar utanfor Kvam herad

DEMONSTRASJONAR: Fleire hundre demonstrerte i Norheimsund i helga. Også tysdag kveld vart politikarane møtt av motstandarar av oppdrettsplanane.

Foto: Silje Thalberg / NRK Hordaland

Tok til tårene

Også inne i heradsstyret vart det sterke kjensler under debatten om kommunedelplanen. På førehand var det venta at avstemminga i heradsstyret ville bli 15 for og 12 mot.

– Det er synd at det er ein lokalitet som tilsynelatande får alt fokus i planen, sa ordførar Jostein Ljones (Sp).

Så tok partikollega Marit Buttingsrud talarstolen. Hennar stemme kunne ha snudd opp ned på fleirtalet i den betente saka.

I sitt innlegg, der ho også tok til tårene, la ho ikkje skjul på at spørsmålet om plassering av eit akvakulturområde ved Kvamsøy har vore svært vanskeleg å ta stilling til.

Ho ville likevel røyste saman med partiet sitt, nemleg for.

Marit Buttingsrud, Senterpartiet i Kvam

- VANSKELEG: Marit Buttingsrud i Senterpartiet måtte ta fleire pausar då ho heldt innlegg i heradsstyret tysdag.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Dramatikk

Då var det allereie skjedd fleire dramatiske ting i møtet:

  • Venstre-politikar Helge Karlsøen, som var venta å stemme for, melde fråfall til møtet. Inn kom vararepresentanten Hogne Høysæter, som er mot.
  • Så bad varaordførar Heidi Sandven Botnen (KrF) om at habiliteten hennar vart vurdert av heradsstyret. Botnen er filletanta til dagleg leiar i Lingalaks, selskapet som ynskjer å flytte oppdrettsanlegget sitt til Kvamsøy.
  • Rådmann Anita Hesthamar erklærte henne som habil. Heradsstyret landa på det same og dermed fekk Botnen røyste i saka.

Like etter klokka 18.40 tok heradsstyret pause, slik at partia fekk gjennomført gruppemøte.

Møta fekk ingen konsekvensar. Til slutt enda det med fleirtal for kommuneplanen med 14 for og 13 mot.

– Vi er utruleg skuffa, men er ikkje klare til å gi oss, sa Katrine Froestad til NRK rett etter avstemminga. Ho har stått i spissen for demonstrasjonane dei siste dagane.

– For fleirtalet sin del har det vore viktig å vedta ein framtidsretta kommuneplan, som legg til rette for verdiskaping og utvikling i fjorden vår, seier ordførar Jostein Ljones (Sp) til NRK.

Partikollega Buttingsrud ville ikkje stilla til intervju med NRK etter avgjerda.

Katrine Froestad og Ingrid Laupsa Tjosaas

SKUFFA: Iniativtakarane til demonstrasjonen, Katrine Froestad og Ingrid Laupsa Tjosaas (til høgre), gir likevel ikkje opp.

Foto: Silje Thalberg / NRK Hordaland

– Viktige inntekter

Hardangerfjorden er blant dei norske oppdrettsfjordane der merdane ligg tettast. Det er også i dette området oppdrettarane har størst problem med lakselus.

Samstundes har havbruksnæringa gitt store inntekter til kommunen dei siste åra. Det er difor avgjerande at næringa får gode vilkår, meiner Ljones.

– Kommunen ønskjer å legga til rette for at oppdrettarane legg seg ut i meir open fjord, med moderne teknologi som taklar desse tilhøva. Der er det kraftigare fjordstraumar, betre gjennomstrøyming av oksygen og betre forhold til å driva oppdrett, har Ljones (Sp) tidlegare sagt til NRK.

Ein eventuell søknad frå Lingalaks om å flytte oppdrettsanlegget sitt frå Fyksesund til Kvamsøy må uansett gjennom egen behandling i heradsstyret.

Heradsstyret i Kvam vedtar kommuneplanen for 2019-2030.

KNAPT: 14 stemte for og 13 stemte mot i heradsstyret i Kvam tysdag kveld.

Foto: Ingvild Ulset / NRK