Hopp til innhold

Knakande god sellerirotsuppe

Kvardagsmat står på menyen og vi serverer ei knakande god suppe - ei rotsuppe med selleri som hovudingrediens.

Sellerirotsuppe
Foto: Egil Torheim / NRK

Sellerirot kan godt seiast å vera Roten til alt godt fordi den er kjempesunn og innheld berre godsaker. Folk kjenner den helst som smaksforsterkar men den kan sjølsagt og brukast som base.

Til suppa vår gjer vi som følgjer:

  • Finhakk 1 middels stor løk , 2-3 poteter og 200-300 gram sellerirot.
  • Ha ei spiseskei smør i ein kasserolle - ha i løken la den bli blank før du har i potetene og sellerirota.
  • Tilsett 5 dl vatn og 1 buljongterning og la det heile koka i 8-10 minuttar.
  • Sil deretter av krafta - bruk ein stavmixar eller handstaukar til å laga mos av løk, selleri og poteter.
  • Ha deretter i krafta gje eit raskt oppkok og på toppen i tallerken strør du f.eks. finhakka purreløk evt. vårløk eller grasløk.
  • Server suppa med rista toast til.
  • Ein kraftig kvitvin smakar nydeleg til denne suppa.