Hopp til innhold

Synt 12 mill. gongar på YouTube

YouTube-stjerner har laga Harry Potter- og Ringenes herre-parodiar som er sett 12 millionar gongar.

Pistol Shrimps

PISTOL SHRIMPS: Stian Hafstad frå Førde (t.v.) og Christer Larsen frå Grimstad er stjerner på YouTube.

Foto: Pistol Shrimps

Ser du for deg Ringenes herre full av bråkete fotballfans med vuvuzela? Eller Harry Potter som startar rockeband og testar ut sine homoseksuelle sider?

Stian Hafstad frå Førde har ikkje berre sett det for seg. Saman med Christer Larsen frå Grimstad har han laga filmar av det. Filmar som er sett nærare 12 millionar gongar på YouTube.

Pistol Shrimps

Pistol Shrimps i Ringenes herre

Gangsta-rap og flammekastar i Ringenes herre.

Foto: Pistol Shrimps

Dei to kameratane står bak YouTube-kanalen Pistol Shrimps . Der legg dei ut alt frå enklare videoar med misvisande seksualundervisning til gjennomarbeidde liksom-filmtrailerar.

Kameratane er mest kjende for å klyppe seg sjølve inn i filmar som Harry Potter og Ringenes herre.

– We're bringin' hip hop back to Middle Earth, utbryt Stian Hafstad utkledd som gangsta-rappar midt i ei scene frå Ringenes herre.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein film i veka

Pistol Shrimps i godt lag

Pistol Shrimps i godt lag på skjermen.

Foto: Pistol Shrimps

Kameratane byrja å leggje ut videoar sporadisk i 2008. Frå i år vart det jamnare: Ein video kvar veke. Det er noko ein kan gle seg over enda ein stund:

– Vi filma 40 videoar i sumar. Dermed vert det ein video i veka iallfall fram til sumaren 2011, fortel Christer Larsen.

Filmane er særleg populære i Polen, Nederland og Sverige. Dessutan har Pistol Shrimps mange sjåarar i USA.

Skilde vegar

Dei to kameratane møtte kvarandre under studia i film- og tv-produksjon ved Universitetet i Bergen. Etter fullførte studium vart dei skilt frå kvarandre.

Stian Hafstad har reist til New York for nye studium, medan Christer Larsen framleis er i gamlelandet. Likevel lever Pistol Shrimps i beste velgåande:

– Fram til sumaren kjem det mykje meir Harry Potter, Star Wars og Ringenes herre, reklamerer Larsen.

Stian Hafstad (t.v.) og Harry Potter

Stian Hafstad frå Førde (t.v.) og Harry Potter.

Foto: Frå YouTube