Hopp til innhold

Klimaprofessor: – 2020 kjem til å bli det varmaste året som er målt

Ein av dei fremste klimaekspertane i Noreg er ikkje i tvil: Alt tyder på at 2020 blir det varmaste året som er målt på kloden.

Helge Drange

OVERTYDD: Professor Helge Drange er uroa over den globale temperaturutviklinga.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Helge Drange er professor på Bjerknessenteret for klimaforsking på Universitetet i Bergen. No har han sett på dei globale temperaturane hittil i år og funna han har gjort går i retning av ein klar konklusjon.

– 2020 ligg an til å bli rekordvarmt. Vi vil nesten heilt sikkert få ein temperatur over global temperatur i 2019. Det er meir sannsynleg enn det motsette at vi vil få ein ny rekord i 2020, seier Drange til NRK.

Han syner mellom anna til at det varmaste året som er målt hittil er 2016, medan 2019 er det nest varmaste sidan målingane starta.

– Når det gjeld 2020 er vi komne til og med juli, og det er nokre månader igjen. Men vi ligg an til ein global temperaturrekord, meiner professoren.

– Kva fortel dette oss?

– Dette er ein klar indikasjon på at klimaet er i endring og at naturlege variasjonar frå år til år er der. Men dei blir heilt slått ut av den langsiktige temperaturauken.

– Varmt år frå starten

Overflatetemperaturen på jorda har auka med om lag 1,1 grad sidan førindustriell tid.

– Togradarsmålet seier jo at global temperatur ikkje skal stige med meir enn to grader mot slutten av dette hundreåret. Nå har vi lagt bak oss meir enn halvparten av den oppvarminga, seier Helge Drange.

Han får støtte for sin analyse frå forskarkollega Bjørn Samset ved Cicero, senter for klimaforsking. Men Samset er ikkje like overtydd om at det blir rekord.

– 2020 har vore eit varmt år heilt frå starten. Det er eit av dei aller varmaste åra vi har målt så langt. Utifrå den starten vi har hatt, så blir 2020 det varmaste eller mest sannsynleg det nest varmaste av åra vi har målt så langt, seier han.

Nobel Peace Prize Forum

UROA: Klimaforskar Bjørn Samset ved Cicero.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Veldig uroande

Både Samset og Drange peikar på at rekordåret 2016 kom i slutten av ein El Niño-tilstand, der havtemperaturen i Stillehavet var ekstremt høg. Det same gjeld også 1998, som også var eit svært varmt år.

El Niño er ein tilstand med uvanleg høg overflatetemperatur i det sentrale og austlege Stillehavet nær ekvator. Dette påverkar vêret over mykje av Jorda, og gir utslag på den globale middeltemperaturen.

– Når det likevel blir så varmt i 2020, så betyr det at global oppvarming har halde fram i den takta det har gjort dei siste 50 åra, med eit snitt på 0,2 grader for kvart tiår. Det er kjemperaskt og veldig uroande, meiner Samset.

Begge forskarane er samde i at ein alt no ser konsekvensane av temperaturauken og klimaendringane. Helge Drange peikar blant anna på dei ekstremvêret og dei store øydeleggingane i Jølster i juli i fjor.