Hopp til innhold

Klimamarkeringar i heile landet: – Vi treng ikkje dagens feige, falske og fossile løysingar

Ti dagar før FNs klimatoppmøte i Dubai samlar miljøorganisasjonar, fagforeiningar og andre seg til store klimamarkeringar over heile Noreg.

Klimamarkering i Trondheim 20. november 2023

FØR KLIMATOPPMØTET: Tysdag ettermiddag er det klimamarkeringar i mellom anna Trondheim (biletet), Oslo, Bergen, Kristiansand og Tromsø.

Foto: Randi Wilsgård / NRK

CO₂ i atmosfæren
418,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

Måndag klokka 17 starta markeringar i Oslo, Bergen, Stavanger, Tromsø og andre stader i Noreg.

Eit femtitals organisasjonar med til dels svært ulike verdigrunnlag stiller seg bak markeringane (sjå nedst), frå Naturvernforbundet og Fagforbundet (Noregs største fagforbund) til Oslo bispedømme og Økobuddhistene.

I pressemeldinga skriv dei:

«Klimapolitikken i Noreg må styrkjast drastisk. Ekspertar seier at alle land, inkludert Noreg, må slutte med oljeleiting, fase ut olje og gass og satse på energieffektivisering og skånsam fornybar energi. Likevel held Noreg fram med å føre ein aggressiv oljepolitikk, som aukar utsleppa både her og i andre land.»

Klimamarkering Bergen

Også i «oljehovudstaden» Bergen blir det i ettermiddag demonstrert for at Noreg må fase ut fossilindustrien raskt.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Klimatoppmøte i Dubai

Dei viser til at utfasing av all fossil energi blir eit viktig tema på årets klimatoppmøte COP28 i oljehovudstaden Dubai i desember.

«Presset aukar mot land som framleis produserer olje, kol og gass. Noreg må akseptere at dette skal fasast ut. Vi krev at Noreg går i spissen for klimaomstillinga,» heiter det frå arrangørane.

– Fagforbundets medlemmer kjenner klimakrisa på kroppen kvar dag i jobben. Dei ryddar opp når kriser hender. Klimatilpassing vil krevje mykje av tilsette i offentleg sektor, men også i auka offentlege overføringar. Av den grunn, og for å sikre tilstrekkeleg kutt i utslepp, seier Fagforbundet nei til framleis høg leiteaktivitet og auka fossil infrastruktur. Også for å sikre økonomiske og menneskelege ressursar i omstillinga til nye fornybare næringar og grøn industri.

Det seier Mette Nord, leiar i Fagforbundet.

Klimamarkering i Kristiansand

Det vart klimamarkering også i Kristiansand tysdag

Foto: Dennis Norum Halvorsen / NRK

– Folk flest vil ha klimahandling

Arrangørane hevdar at folk flest vil ha klimahandling og forventar ambisiøs klimapolitikk med tiltak som fungerer:

«Vi forventar at klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) har høge ambisjonar på klimatoppmøtet og tek ansvar for ein rettferdig klimapolitikk, utfasing av all fossil energi og ei reell, rettferdig omstilling.»

– Å jobba mot klimaendringane er breitt politisk forankra i Noreg, men det strekar når vi skal ta dei konkrete handlingane blant anna mot oljeutvinning.

Det seier leiar Tom Skauge i Naturvernforbundet Hordaland under markeringa i Bergen.

– Menneskeskapte klimaendringar og tap av naturmangfald må nedkjempast i tråd med internasjonale avtalar vi har forplikta oss til. Noreg må ta ansvar for eigne utslepp, og vi må handle no, seier Christopher Beckham, forbundsleiar i Handel og Kontor.

Klimamarkering Oslo

Tysdagskveldens klimademonstrantar utanfor Stortinget i Oslo.

Foto: Ivan Larsson / NRK

– Feige, falske, fossile

– La oss samle oss på tvers av religiøse og politiske skiljelinjer i felles kamp for å redde jorda vår og livet på ho. Vi vil stå i fremste rekkje for å sikre at alle menneske og alle skapningar får eit godt livsrom, seier Oslo-biskop Kari Veiteberg.

– Det blir sagt at det er typisk norsk å vere god. I realiteten er Noreg gode på politikk som skadar både menneske og miljø. Vi treng ekte klimahandling no, ikkje dagens feige, falske og fossile løysingar. Noko må gjerast og det fort, seier Elise Åsnes, leiar i Spire.