Hopp til innhold

Klimaforskarar: – Våren blir mildare enn normalt

Februar blei avslutta med ein forsmak på våren. Fleire stader var det tosifra temperaturar, og det milde vêret er venta å halde fram.

Ein raud traktor på eit jorde.

ER I FULL SVING MED GULRØTER: Bonden Øystein Fredriksen sår gulrøter. Det er sjeldan han kan gjere så tidleg.

Foto: JARLE I.KVAM

Ein som nyt godt av mildvêret er bonde Øystein Fredriksen, på Tromøya i Arendal kommune. Alt i slutten av februar hadde han sådd dei første gulrotfrøa.

Innan vi skriv mars månad, er gulrotsengene dekte med plast. Òg med vêret som er venta, ligg forholda godt til rette for at gulrøtene kan knaskast til jonsok.

Mildt og vindfullt

Eit sesongvarsel frå Climate Futures viser at våren 2022 er venta å bli mildare enn vanleg.

– Dette skal gjelde i det meste av landet, seier Erik Kolstad, klimaforskar ved NORCE og Bjerknessenteret.

Korleis vêret blir, kjem an på kva som skjer høgt over oss, i atmosfæren og stratosfæren. Dette har forskarane sett nærare på.

– Der er det sterke vindar, som ser ut til å halde fram. Dermed ligg det an til at vi får mykje av det same vêret som vi har hatt sidan nyttår, fortel Kolstad.

Mildt, vått og vindfullt vêr kan vi altså vente oss framover denne våren.

Orkan i Hammerfest.

ORKAN I HAMMERFEST: Natt til 28. februar rista det i husa, straumen forsvann og ein trailer velta på ei bru. – Òg som biletet viser velta tunge benker i sentrum, også busskur blei øydelagde, fortel Sonny Schumacher. Slikt vêr er ikkje over med det første ifølgje klimaforskarane.

Foto: Sonni Schumacher

Liker ikkje det som skjer

Det milde vêret er ikkje berre godt nytt. FN sitt klimapanel har lagt ut ein ny rapport om klimaendringane.

– Atmosfæren er på steroid, dopa på fossil energi, seier Petteri Taalas i Verdens meteorologiorganisasjon (WMO).

Den nye rapporten frå FN tek for seg konsekvensane for menneske og dyr. Det er inga lystig lesing.

Alt i haust slo klimapanelet fast at det ikkje lenger er tvil om at menneske endra klimaet. Du har kanskje høyrt det før, men vi ser alt meir ekstremvêr.

Ona med grå skyer.

FLOTT, MEN DRAMATISK: Uvêrskyene var tjukke over Ona fyr og fiskeværet i Møre og Romsdal. Biletet er teke i slutten av februar.

Foto: Liv Anne Øveraas

Over 13 grader

Den siste helga i februar måtte ull vike for lettare klede i Møre og Romsdal. I Åndalsnes i Rauma kommune blei det målt 13,6 grader sundagen.

– Det var 12,8 grader over normalen, men likevel eit godt stykke unna rekorden, seier meteorolog Ingvild Villa.

Våren kjem stadig tidlegare. Mange stadar i landet blir det no fleire vårdagar enn før.

I tillegg startar våren tidlegare og vintrane blir kortare.

Laster Twitter-innhold

Blir varmare

Gjennomsnittstemperaturen har auka med ei grad sidan 1900, og i løpet av dei siste 15 åra har temperaturen auka med ei halv grad.

I tillegg regnar det 20 prosent meir enn det gjorde for hundre år sidan.

Men det ser ikkje berre mørkt ut. Klimaendringane skaper også nokre mogelegheiter. I Noreg gir temperaturauka betre forhold for matvareproduksjon, fordi vekstsesongen blir lengre.

Fram mot slutten av hundreåret, vil veksten auke med ein til tre månadar avhengig av scenario og stad, ifølgje Meteorologisk institutt.