Hopp til innhold

Klimafokus aukar interessa for lafting

Fleire vil bygge miljøvennlege hus. Då blir eldgamle byggekunster tekne i bruk.

Bakerst: Svein Fjellkårstad
Venstre: Stina Skjerdal
Høgre: Jakub Hejl

TRADISJONSRIKT HANDVERK: Svein Fjellkårstad (bak), Stina Skjerdal (t.v.) og Jakub Hejl (t.h.) har godt grep om reiskapane som vert brukt i tradisjonell lafteteknikk.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

– Det er litt interessant med dei gamle bygga for dei står veldig lenge. Nyare bygg har ofte kortare levetid, seier Stina Skjerdal.

Ho er kursdeltakar på laftekurs hjå Mo og Øyrane jordbruksskule. Ho fortel at å laga bygg med lang levetid er ein viktig del av laftekunsten.

Laftebygg er som eit byggesett. Dei kan takast ned og settast saman igjen mange gonger. Difor er laftebygga greie å halda ved like.

– Det er fint at det går an å plukka bygga frå kvarandre og byta ut rotne enkeltstokkar i staden for å bygga heilt nytt, synest Stina Skjerdal.

Stina Skjerdal på laftekurs

KJEKT PÅ KURS: Stina Skjerdal er på laftekurs for fyrste gong og synest handverket er spanande.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

– Å ta vare på i staden for å bygga nytt er gunstig med tanke på klimarekneskapen, seier Olle Christer Stenby, fagsjef for bygningsvern i Bygg og Bevar.

I seinare år er det gjort mykje for å bevara og breia ut kunnskapane om lafteteknikken. Stenby trur at klima- og miljøfokuset er ein grunn til at fleire er interesserte i handverket no enn før.

Lafting er ein byggeteknikk som er kjend heilt tilbake til oldtida. I Norden finst det døme på lafting heilt tilbake til tidleg middelalder.

Olle Christer Stenby

AUKA INTERESSE: Olle Christer Stenby, fagsjef for bygningsvern i Bygg og Bevar, trur klimafokus vil auka interessa både for lafteteknikken og materialkvalitet.

Foto: Cathrine Dokken

Laftehus står for 0,18 prosent av bustadane som årleg vert bygd. Det er likevel berre hundre år sidan lafteteknikken mista noko av fotfestet som byggeteknikk i Noreg. Før det var laft dominerande innanfor husbygging i 1000 år.

Difor står det mange gamle laftebygg rundt om i landet. Behovet for vedlikehald er aukande.

– Det er nokon av dei mest vêrsterke bygga me har. Når det seiest at det skal koma meir og meir ekstremvêr, er det bra å setta dei gamle i stand i staden for å bygga nye «papirhus», seier Erlend Gjelsvik.

Han er kurshaldar og jobbar vanlegvis med tradisjonsbygg i Nedre Jølster AS. Han er einig i at det er lurt å halda ved like game bygg i staden for å bygga nye.

Erlend Gjelsvik (t.v.) Arnfinn Solheim og Jon Rune Fjellkårstad (t.h.)

IVRIGE DELTAKARAR: Erlend Gjelsvik (t.v.) kursinstruktør lærer Arnfinn Solheim og Jon Rune Fjellkårstad (t.h.) om lafteteknikken.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

I tillegg til klimafokuset trur han at interessa skuldast at mange har lyst å gjera noko med hendene.

– Mange med stillesitjande arbeid spring i marka etter jobb, nokre vil heller læra å lafta, seier Erlend Gjelsvik.

Gjelsvik seier at det er tidkrevjande å læra seg handverket, men at om ein har interessa for det er det fullt mogleg.

– Ein kjem veldig lang med interesse. For å verta god må ein øva på lafting i praksis. Det er ikkje noko du kan læra frå ei bok.