Hopp til innhold

Tek i bruk klede som betalingsmiddel

For å få bukt med eit stadig aukande forbruk med bruk-og-kast-mote har William Ingvaldsen utvikla ein ny, grøn «valuta».

Green Dawn

KLESBYTE: William Ingvaldsen tek i mot klede frå kunde Aina Skogedal

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
415.8 ppm
1,5-gradersmålet
+1.02 °C
Les mer  om klima

– Noko me vil gjere er å finne ut korleis ein kan sjå på verdien av varer utan å utelukkande tenke på pengar.

Det seier 21 år gamle William Ingvaldsen.

Han er ein av gründerane bak «Green Dawn», ein butikk i Bergen for klesbyting, redesign og bruktsal. Dei har utvikla eit system for klesbyte gjennom ein ny, grøn «valuta» som dei kallar grønn karma.

Målet er å få tei større sirkulering av klede og unngå at klede og andre varer hamnar i søpla.

– Me ynskjer å skape ei haldningsendring. Kleda du ikkje har brukt, kan du levere inn framfor å kaste dei og i tillegg få noko igjen for det, seier den unge gründeren.

Eit likande initiativ med innbyte av klede, finn ein på Sandane der Evageline Sassford driv bruktbutikken Upscale.

Evangeline Sassford i butikken Upscale.

Evangeline Sassford trur på klesbyte som ei av løysinga på bruk-og-kast-klesindustrien.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

I mars vart «Den store klesbyttedagen» arrangert over heile landet.

Dei to gjenbruksbutikkane på Vestlandet er likevel få av sitt slag som driv med klesbyte året rundt.

Overgang til ein sirkulær økonomi

Sigurd Vildåsen

Sigurd Vildåsen trur eit større initiativ må til for å løyse klimautfordringane knytt til klesindustrien.

Foto: SINTEF

Seniorforskar ved SINTEF, Sigurd Sagen Vildåsen, er positiv til eit initiativ der folk leverer inn gamle klede for å få kjøpt nye bruktklede.

Likevel ser han ei potensiell utfordring:

– Det kan jo hende at folk då får lyst til å kjøpe mykje meir klede enn det dei eigentleg har bruk for.

For å få bukt med bruk-og-kast-kulturen trur forskaren at eit større eller statleg regulert initiativ må til.

Dei to butikkeigarane meiner at dei små initiativa likevel vil få ned forbruket og kan vere starten på ei endring for forbrukarane, klima og økonomien.

– For å kunne gå over til ein sirkulær økonomi og for å klare å omstille oss, må me tenke på ressursar på denne måten. Du leverer inn eit produkt du ikkje bruker og får tilbake noko du kan bruke på andre bruktvarer, seier gründeren i Bergen.

Han trur den grøne valutaen og klesbyte kan gje forbrukarane den mogelegheita dei treng for ei slik omstilling.

– Me gjer desse insentiva som forbrukarane treng for å ha lyst, og ta seg råd til å tenke på brukte varer på ein heilt annan måte, seier Ingvaldsen.

Abonnement på klesbyte

Det er gjennom ei abonnementsløysing at kundar kan levere inn gamle klede som dei kan byte i andre bruktklede. Via den grøne «valutaen» vert det gjort ei verdivurdering slik at kundane kan handle for den same verdien dei leverte inn i bruktkleda sine.

Green Dawn

På butikken Green Dawn i Bergen kan du nytte kleda dine som betalingsmiddel.

Foto: Privat

– Når du kjem med kleda dine, som til dømes ein genser, kan dei kategoriserast med 50 grøn karma. Denne valutaen får du på kontoen din og kan igjen bli brukt til å kjøpe andre bruktplagg i butikken.

21-åringen ynskjer på denne måten å gjere gjenbruk tilgjengeleg for alle, uavhengig av økonomi og livssituasjon.

Slutten på bruk-og-kast-mote

Samstundes som butikkeigarane trur klesbyte kan vere starten på ei sirkulering av klede og økonomi, trur Sassford at det òg vil vere slutten på bruk-og-kast-mote.

Gjennom klesabonnement meiner ho at folk kan teste ut nye trendar utan å heile tida kjøpe (og kaste) masse nye klede.

– Du kan prøve ut nye trendar utan å bruke masse pengar på det. Dersom du finn ut at det ikkje er noko for deg kan du berre byte det inn igjen og du har heller ikkje skada miljøet med å kaste det.