Hopp til innhold

Krister gjekk frå fattigdom til toppjobb. Det kan bli vanskeleg i framtida

SOLHEIMSVIKEN (NRK): Større ulikskap kan gjera det vanskelegare å gå frå fattig til rik i Noreg framover, ifølgje ny bok. – Det er viktig med eit system som gir folk like moglegheiter, seier Krister Hoaas.

Krister Hoaas

GODT NETTVERK: Krister Hoaas trur eit godt nettverk i barndommen har vore viktig.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Me møter Krister Hoaas utanfor kontoret hans i Solheimsviken i Bergen. I dag har han ei leiande stilling i Lerøy Seafood, i ei av dei største næringane i landet.

50-åringen vaks opp på Fjøsanger i Bergen, med aleinemor og to sysken.

– Eg vaks opp i ein heim som var rik på kultur, litteratur og samfunnsengasjement. Det trur eg var med å bygga ei interesse for samfunnet.

Vestlandet er den staden i landet med best sosial mobilitet, ifølgje nye tal frå boka Det trengs en landsby av Sigrun Aasland.

Derfor burde neste generasjon ha gode føresetnadar, men Aasland trur det kan bli vanskelegare å ta den sosiale reisa som Hoaas har teke.

Krister Hoaas som konfirmant

HEIMEKLIPP: Hoaas som konfirmant. Då han fekk sitt første stipend frå lånekassen kjøpte han seg sin første frisørklipp. – Det var deilig å ikkje skilja seg ut.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Fattigdom går i arv

Aasland skriv at kva løn du får som vaksen, og kva utdanning du tek, avheng i dag i større grad av kven foreldra dine er.

– Me kan ikkje gjera noko med kven foreldra dine er, men politikken kan påverka kor mykje det skal bety for framtida di.

Aasland er økonom og fagsjef i tankesmia Agenda. Ho peiker blant anna på bustadpolitikk som eit mogleg verktøy for å endra forholda.

– Auka bustadprisar fører til nabolag der mange ikkje har råd til å bu. Det skapar ei segregering mellom dei som har mest og dei som har minst.

Dei siste 40 åra har mange i Noreg fått det betre, men samstundes har forskjellane auka.

I 1997 var gjennomsnittsløna til dei ti rikaste prosentane i Noreg 2,8 gonger høgare enn løna til dei ti fattigaste prosentane. I 2017 var den 3,8 gongar høgare.

Viktig med godt nettverk

Krister Hoaas trur nettverket rundt han og familien var viktig i barndomen. Mor hans var gymlærar og fekk ei alvorleg kneskade. Då stilte naboane opp.

– Når mor mi var vekke på grunn av sjukdom eller operasjonar så kunne me bu hjå klassekameratar, gjerne i fleire veker. Folk stilte opp rundt oss.

I etasjen over budde tanta og onkelen, som kunne passa på dei i kvardagen og hjelpa dei med lekser.

Aasland seier at mange arenaer og fellesskap som har vore med på å utjamna ulikskap er i ferd med å forsvinna.

– Skilnadane aukar på skulen, på fotballbanen og i organisert fritid. Fritidsaktivitetar er blitt dyrare, tek meir ressursar og krev meir oppfølging.

Krister Hoaas som ung

TELTTUR: Krister Hoaas på telttur i oppveksten. Trass i tronge kår hadde han ein god barndom.

Foto: Privat

Vestlandet best nasjonalt

Aasland har samla inn tal frå kommunar i heile landet. Samla sett har Vestlandet best sosial mobilitet, men variasjonane er store frå kommune til kommune.

I arbeidet med boka har ho målt moglegheita for å hamna i alle fem inntektsgrupper på kommunenivå. Eit tal på 20 prosent syner full sosial mobilitet. Det vil seia at ein har lika stor sjanse til å hamna i alle inntektsgruppene.

Bergen gjer det best blant dei store byane med 12 prosent, men du skal berre litt sør til Fitjar eller Bømlo før talet stig drastisk. Dei har høvesvis 23 og 27 prosent.

Trondheim, Tromsø og Oslo har 10 prosent. Stavanger har 15 prosent, medan nabokommunen Sola har 21,5 prosent.

– Mange kommunar på Vestlandet har hatt ein enorm vekst i godt betalte arbeidsplassar på tvers av utdanningsgrupper, mykje knytt til olje og gass.

Aasland trur mindre sosiale skilnader også før petroleumsnæringa har spelt ein viktig rolle.

Sjå tabell nedst i saka for tal for dei 50 største kommunane i landet.

– Eit mål å få born ut av fattigdom

Statssekretær Jorunn Hallaråker (KrF) i Barne- og familiedepartementet seier det er eit mål for regjeringa å få born ut av fattigdom.

– Regjeringa skal legga fram ein samarbeidsstrategi som skal fremma deltaking og styrka moglegheitene til born i vedvarande låginntekt.

Arbeidet er eit samarbeid mellom fleire departement.

– Det viktigaste er at me får folk i arbeid, det er den viktigaste faktoren for å løyse denne utfordringa.

Hallaråker fortel også om ei prøveordning med eit fritidskort, som skal gjera fritidsaktivitetar meir tilgjengelege for dei med dårleg råd.

Rammar fellesskapet

Sigrun Aasland seier det ikkje er eit poeng i seg sjølv at alle skal bli rike, men at alle skal ha like moglegheiter.

– Me innbiller oss at alle har like moglegheiter, at det berre er å jobba hardt og stå på.

Ho meiner at økonomisk ulikskap rammar fellesskapet. Dei som veks opp i fattige familiar kan hamna utanfor arbeidsmarknaden, noko som blir dyrt for velferdsstaten på lang sikt.

For Krister Hoaas har nettopp velferdsstaten vore viktig for hans klassereise.

– Nettverk er viktig, familie er viktig, eigeninnsats er viktig, men i tillegg treng ein eit system som gir folk lik moglegheit. Det har vore viktig for meg.

Tabellen under syner kor truleg det er å hamna i øvste inntektsgruppa, dersom foreldra dine var i nedste. Eit tal på 20 syner full sosial mobilitet. Det vil sei at ein har lika stor sjanse til å hamna i alle inntektsgruppene.

Askeladd-indeksen i dei 50 største kommunane

Kommune

Prosent

Kommune

Prosent

Sola

21.5

Arendal

11.9

Sandnes

20.2

Sandefjord

11.8

Karmøy

19.2

Larvik

11.7

Molde

16.9

Bergen

11.6

Askøy

15.7

Horten

11.5

Stavanger

15.2

Kristiansand

11.4

Narvik

14.9

Lillehammer

11.2

Nøtterøy

14.9

Nedre Eiker

11.1

Ålesund

14.6

Porsgrunn

10.8

Lørenskog

14.5

Elverum

10.6

Lier

14.4

Halden

10.4

Skedsmo

13.8

Moss

10.4

Tønsberg

13.8

Bodø

10.2

Rana

13.5

Sarpsborg

10.1

Haugesund

13.5

Fredrikstad

10.1

Oppegård

13.4

Steinkjer

10

Asker

13.4

Harstad

10

Kongsberg

13.3

Tromsø

10

Kristiansund

13.2

Trondheim

9.6

Drammen

12.9

Oslo

9.6

Ringerike

12.7

Ringsaker

9.5

Ski

12.7

Stange

9.5

Hamar

12.4

Skien

9.3

Bærum

12.3

Gjøvik

9.2

Ullensaker

12.2

Stjørdal

8.5

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Det trengs en landsby av Sigrun Aasland.