Strandebarm skule trekte det lengste strået og fekk ti poeng i fylkesfinalen i Klassequizen i Hordaland.
Men to lag skulle vidare, og det blei ein nervepirrande finale med ekstraspørsmål for å avgjere andreplassen.
Fem spørsmål måtte til for å skilje Hop oppveksttun og Øygarden ungdomsskule. Til slutt var det Hop som stod att.
Dei blei spurde i kategoriane naturfag, sport, underhaldning og historie. I sportskategorien høyrde skiløpar Sjur Røthe deltakarane i deira idrettskunnskapar, medan artisttalentet Iris ville vite svara i underhaldningskategorien.
Dei to vinnarlaga skal reise til Oslo for å delta i landsfinalen 13. april. Finalen går på NRK1.
– Fem lag i veka
Ein finaleplass er ikkje gale i seg sjølv, då 47 lag stilte til årets Klassequiz. Frå kvar klasse har tre elevar vore valde til å representere skulen.
I innleiande rundar har klassene fått totalt tolv spørsmål, tre spørsmål i fire ulike kategoriar. Dette skjedde og i finalen, der dei fire laga konkurrerte om å få flest poeng.
På førehand var det venta sterk konkurranse.
– Eg forventar at det blir veldig jamt. I innleiande rundar fekk tre av laga elleve poeng, og det fjerde fekk ti, sa programleiar Marte Rommetveit før det heile starta.
– Vi er spente, sa programleiar Lene Granli.