Laget frå Sande består av Mona Lene Bjørvik, Synne Bell Folland og Ole Gåsvær.
– Det blir sikkert kjekt. Eg har litt sommarfuglar i magen, fortel Mona Lene.
I fjor kom laget frå Sande heilt til fylkesfinalen. Fasit denne gong er at den spente gjengen frå Sande sit att med 5 poeng etter fire rundar med til saman 12 spørsmål.
– Eg trur kanskje ikkje vi lever opp til forventningane denne gongen, men vi kunne vel ikkje gjort det særleg betre heller ut frå dei spørsmåla vi fekk, seier Ole Gåsvær.
Her kan du høyre kva spørsmål dei fekk og kva dei svarte. Kanskje du vil prøve deg på spørsmåla sjølv?
I år er det deltakarrekord med 38 skular frå Sogn og Fjordane. Klassequizen er ein kunnskapskonkurranse for alle elevane på tiande klassesteg.
Wilhelm Støylen er den som skal køyre rundt og stille meir eller mindre intrikate spørsmål.
– Eg gler meg veldig til å kome rundt og treffe ungdommar i heile fylket. Vi har mange gode spørsmål på lur, og eg er spent på å sjå korleis 10.-klassingane klarer seg når eg kjem på besøk på dei ulike skulane, seier Støylen.
Klassequizen kan du høyre i våre radiosendingar kvardagar i halvtimen mellom klokka 15.00 og 15.30.
Til våren blir det ein lokal finale for å kåre dei to laga som skal gå vidare til dei nasjonale finalane i Oslo.
- Les meir: