Klarte å svinge unna steinras– føraren sterkt prega

Sjåføren klarte å svinge unna då ein stein rasa ned frå fjellsida ved Midthjell på riksveg 15 i Nordfjord.

Bil køyrde i autovern etter steinras på rv 15.

SVINGA UNNA: Det enda med berre materielle skader etter steinraset på riksveg 15.

Foto: Harald Kolseth / NRK

  • Riksveg 15 er no open for fri ferdsel

– Føraren er ikkje fysisk skadd, men sterkt prega av hendinga, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Algrøy til NRK

Ulukka skjedde vest for Vindfylletunnelen på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Måløy.

– Det kan vere fare for nye ras, så vegen er førebels stengd, sa Algrøy.
Det var éin person i bilen som blei treft av raset.

NRK har snakka bileigaren som fortel at sjåføren var ein aust-europeisk arbeidar som klarte å svinge unna steinraset og køyrde inn i autovernet.

Ifølgje politiet er det minimalt med skadar i vegbana, men at dei uansett vil avvente til entreprenør er på plass.

Det danna seg lange køar i begge retningar etter steinraset.

I 2021 har det vore fleire tilfelle av steinsprang og steinras som har råka bilar på Vestlandet.

Blant anna i Trodaltunnelen på E39, der ein person slapp frå det med skrekken etter at ei steinblokk dundra ned i biltaket.

– Sjåføren hadde englevakt, det er snakk om millisekundar og millimeter, sa vitne til NRK den gongen.

Ras ved Midthjell.

TRAFF REKKVERKET: Sjåføren av bilen svinga unna og traff autovernet.

Foto: Harald Kolseth / NRK