Hopp til innhold

Klart nei i Aurland

– Eg vil ikkje bli vossing, sa Fridleik Huseklepp då han måndag leverte sin røystesetel i Aurland. Eit storfleirtal av aurlendingane seier nei til kommunesamanslåing med Voss og Vik.

Fridleik Huseklepp og Bjarne Ellingsen

RØYSTA NEI: Fridleik Huseklepp og tidlegare Sp-ordførar Olav Ellingsen gjorde som det store fleirtalet i Aurland.

Foto: Arne Veum

84,4 prosent av innbyggjarane i Aurland kommune seier nei til å slå seg saman med Voss og Vik. Berre i Skjerping krins, altså innbyggjarane i Gudvangen og Nærøydalen, er det fleirtal for samanslåing med Voss. Det viser resultatet av folkerøystinga i Aurland måndag kveld.

Noralv Distad

NØGD: Noralv Distad har sjølv ikkje ivra etter kommunesamanslåing. No slår ordføraren fast at Aurland vil halde fram som eigen kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er ei klar og tydeleg melding frå innbyggjarane. Dei meiner det beste alternativet for Aurland er å halde fram som eigen kommune. Eg er glad for høg valdeltaking, og er glad for at vi har fått ein eintydig råd frå innbyggjarane, seier ordførar Noralv Distad (H) til NRK.

Legg ballen daud

Mens ei innbyggjarundersøking for Voss kommune, publisert måndag kveld, viste 70 prosent ja til storkommune, vil aurlendingane halde fram som ein liten, sjølvstendig kommune med 1700 innbyggjarar.

Ordføraren, som sjølv har vore open på at han helst vil halde fram som eigen kommune, er glad for resultatet.

– Eg har sagt heile vegen at Aurland er i stand til å halde fram som eigen kommune. Vi har solid økonomi og er ein kommune i vekst.

– Legg de no kommunereformarbeidet daudt i Aurland?

– Dette er eit heilt klart resultat og betyr at Aurland held fram som eigen kommune, men vi skal vere flinke til å samarbeide med nabokommunane, fastslår Distad.

Voss storkommune

ALTERNATIVET: Ein storkommune med Aurland, Voss, Vik og kanskje Granvin. Med Vossevangen som sentrum.

Gamle og unge er samstemte

På gata utan for røystelokalet i Aurland rådhuset tidlegare måndag, var to veteranar begge opne om sitt val. Fridleik Husklepp kunne absolutt ikkje tenke seg å bli ein del av eit stor-Voss.

– Ikkje eg heller. Eg kan flytte til Voss om eg vil, men eg vil ikkje det heller, sa tidlegare ordførar i Aurland kommune, Olav Ellingsen.

Tvillingane Bård (nærast) og Ådne Bekkestad fyller 16 år i sommar og er samde om at Aurland vil greie seg godt som eigen kommunen.

– Vi har snakka ein del om kommuneforma på skulen, og vi forstår ikkje kvifor alt skal vere så stort og kanskje med lang veg til viktige tenester. Vi er heilt sikre på at Aurland vil greie seg godt som eigen kommune, sa brørne då NRK sin utsende fotograf møtte dei i røystelokalet.

Same svar gav eit stort fleirtal i krins etter krins då oppteljinga var klar Aurlendingane vender ryggen til storkommunen.

Bård og Ådne Bekkestad

16-ÅRINGAR: Tvillingane Bård og Ådne Bekkestad røysta som gamlekara, og sa nei til storkommune med Voss.

Foto: Arne Veum

Nærøydalen vil til Voss

Unnataket er altså Skjerping krins. Folk i Nærøydalen har tradisjonelt vore knytte til Voss, og fekk ikkje vegsamband til kommunesenteret Aurlandsvangen før Gudvangatunnelen opna i 1991. Resultatet frå folkerøystinga i Skjerping skulekrins viser at mange framleis ser i retning Voss. 70,6 prosent av dei 34 innkomne røystene vil til Voss.

– Fryktar du at det kjem krav frå denne delen av kommunen om å få gå til Voss?

– Det veit eg ikkje. Eg har forståing for at dei har hatt ei veldig sterk orientering mot Voss. Der er det eit felles bu- og arbeidsområde, som det ikkje er for resten av kommunen, men vi skal jobbe for å ha alle tilbod og legge til rette for god ut utvikling også i dette området.

– Regjeringa har lagt mykje prestisje i kommunereforma. Måndag kveld seier kommune etter kommune både i Sogn og Hordaland nei til samanslåing. Er det ei fallitterklæring for di eiga regjering?

Det vil eg ikkje nødvendigvis seie. Kommunereforma blir gjennomført. No seier mange kommunar at sjølv om det blir nye oppgåver, så ser dei seg i stand til å løyse desse som eigen kommune. For vår del har vi lagt vekt på å finne løysinga som er best for våre innbyggjarar, seier Høgre-ordførar Noralv Distad.

Valresultat i Aurland, etter krins

  • Vangen krins:
    Eigen kommune: 90,5 prosent
    Samanslåing med Voss og Vik: 9,5 prosent
  • Vassbygdi krins:
    Eigen kommune: 82 prosent
    Samanslåing med Voss og Vik: 18 prosent
  • Flåm krins:
    Eigen kommune: 84,9 prosent
    Samanslåing med Voss og Vik: 15,1 prosent
  • Undredal krins:
    Eigen kommune: 79,3 prosent
    Samanslåing med Voss og Vik: 20,7 prosent
  • Skjerping krins:
    Eigen kommune: 29,4 prosent
    Samanslåing med Voss og Vik: 70,6 prosent
Laster innhold, vennligst vent..