Hopp til innhold

Klart for storstila 8. mai-markering i Måløy

Måløy er plukka ut av regjeringa som ein av fire stadar i landet der frigjeringsdagen i morgon skal særskild markerast.

8. mai i Måløy

MARKERER FRIGJERINGA: Fredag blir det eit storstila markering av frigjeringsdagen 8. mai i Måløy.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi reknar med å vere i rute, seier Helge Hjelle som ein av arrangørane i Måløy.

8. mai blir over heile landet, men kanskje spesielt i Måløy denne gongen som er plukka ut til som ein av fire stader for den nasjonale markeringa. Det blir fridomsparade, utstillingar og medaljeseremoniar for overlevande og veteranar. I tillegg kjem både marinen og folk frå forsvarsleiinga.

Helge Hjelle

KLAR FOR FEIRING: Helge Hjelle er ein av arrangørane for 8 mai-feiringa i Måløy.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi reknar med å presentere eit flaggpynta Måløy. Vi har og fått butikkane med oss til å lege spesielle utstillingar i tråd med frigjeringa i vindauga langs paradegata.

Det blir og laga ei stor utstilling som syner bilete frå frigjeringa 8. mai 1945 frå heile landet, men og mykje frå Måløy.

Fleire stader i fylket blir det i år gjort ekstra stad på overlevande og krigsveteranar. I 11 kommunar i fylket blir det delt ut krigsminnemedaljar til krigsveteranar. Nokre av medaljane blir det ut privat, nokre 17. mai, og nokre den 8. mai slik Vågsøy har valt å gjere.

– Vi har invitert alle krigsveteranar, både frå 2. verdskrigen men og veteranar frå dei fredsbevarande styrkane til eit veterantreff i Måløy, seier Hjelle.

Også NRK kjem til å dekke markeringa i Måløy, her kan du følge direktesendinga frå heile landet.

Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon.