Hopp til innhold

No blir det drama til siste slutt - han ville helst hatt det mindre nervepirrande

Det blir eit drama til siste slutt for Sogndal, også denne sesongen. Dagleg leiar i fotballklubben, Egil Mundal, veit ikkje om han skal synst det er bra eller dårleg.

Egil Mundal

KLAR: Egil Mundal er klar for drama til siste slutt. Neste søndag blir det avgjort om Sogndal får spele i eliteserien også neste år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er denne spenninga vi lever av, så eg greier ikkje bli samd med meg sjølv om det er greitt eller ikkje, seier han til NRK.no.

Med 3–1 tap borte mot Hønefoss i går er det på mange måtar ein blåmåndag for Sogndal i dag. Hadde laget frå saftbygda vunne i går hadde dei vore sikra eliteseriespel neste år.

No er det kampen mot Aalesund neste søndag som avgjer skjebnen deira. Mundal skulle helst sett at laget hadde sikra tre poeng i går i staden.

– Det er vel ingen som er glad i Sogndal som synest tapet i går var noko greitt, heller ikkje eg, seier Mundal.

– Alt kan skje

Dei to laga gjekk til pause med 0-0, men like etter pause byrja Hønefoss på det som til slutt vart tre mål på under 15 minutt. Sjølv og Sogndal og Magnus Stamnestrø reduserte undervegs var det aldri godt nok.

– Vi møtte eit Hønefoss-lag som var desperate etter tre poeng, og det er alltid ei utfordring. Dei ville meir enn oss, og vann fullt fortent 3-1, seier Mundal.

Med 33 poeng ligg Sogndal no på ein 12 plass på tabellen. Dermed er det duka for eit spenningsdrama til siste slutt.

Den komande veka må klubben legge alt til rette for at dei skal slå Aalesund søndag, og sikre ny kontrakt for neste år.

– Drama er lagt, og det blir spenning heile vegen. Alt kan skje, seier Mundal og held fram.

– Vi kan hamne på tiandeplass om alt går vår veg, og vi kan dårlegast hamne på kvalikspel om vi tapar og nokre av dei andre resultata går imot oss, seier Sogndal-leiaren.

– Vi skal byggje opp eit veldig trøkk

Assistenttrenar Tom Mangersnes seier til NRK.no at dei skal jobbe godt den komande veka.

– Vi skal gå gjennom kampen og samtale med kvar spelar og analysere Aalesund. Så skal vi byggje opp eit veldig trøkk som skal kulminere at vi sikrar plassen i eliteserien, seier Mangersnes.

Mundal lovar at heile organisasjonen skal stille opp i arbeidet som skal gjerast den komande veka. Om klubben i verste fall skulle rykkje ned betyr det eit økonomisk tap, men verst av alt vil det gå utover utviklinga av spelarane, seier han.

– Reint økonomisk er det tre millionar kroner i netto skilnad på å spele i eliteserien og Adecco-ligaen. Men den største skilnaden er at eliteserien er den beste utviklingsarenaen for våre unge spelarar, seier Mundal.

– Vi har alt i våre eigne hender

Han håpar flest mogleg tek turen til Fosshaugane på søndag. Dei 90 minuttane på grasmatta blir avgjerande for kven Sogndal får bryne seg på neste år.

– Vi har alt i våre eigne hender. Det var om mogleg endå meir dramatisk i fjor, då vi låg på kvalikplass og kunne rykkje både ned og på trygg grunn. Den gong klarte vi det ved å slå Brann, no er det Aalesund vi møter på motsett banehalvdel.

– Det blir mange tilreisande frå Sunnmøre, så det blir ein fotballfest. Sjølv om dei av oss som ikkje er så glade i risiko helst kunne sett at det berre vart ei hyggeleg tilnærming til kampen, seier han og vedgår at han kjenner på nervane.