Hopp til innhold

No kan du sende inn ditt bidrag til årets Qfilm

Går du med ein filmskapar i magen? Då kan du no sende inn ditt bidrag til årets Q-filmfestival. Men skund deg! Fristen går ut laurdag.

Åsmund Eikenæs og Oline Birgitte Nave

NYE REKORDAR: Leiar Åsmund Eikenæs og nestleiar Oline Birgitte Nave ønskjer å strekke seg mot nye rekordar under festivalen i år.

Foto: Qfilm

– Det blir litt spesielt i år, for no vert Medium- og kommunikasjonslinja på Firda vidaregåande skule lagt ned. Det er dermed ikkje sikkert at det blir Qfilm til neste år. For då er det ikkje sikkert at vi har ein tredje klasse, fortel leiar av årets festival Åsmund Eikenæs.

Festivalen vert arrangert for 13. gong og går av stabelen 17. til 21. november. Qfilm er fylket sin største og eldste filmfestival og held til på Sandane.

Qfilm er ein filmfestival der kreativ ungdom får vise kva dei kan om film, samt lære meir om film via forskjellige aktivitetar, foredrag og kinoframsyningar.

Det er elevar ved Media- og kommunikasjonslinja på Firda vidaregåande som har stått i bresjen for festivalen. Difor har dei lyst å gjere festivalen ekstra bra i år, sidan dette kan bli den siste festivalen.

– I fjor slo dei alle rekordar, så vidt eg hugsar. Det er noko vi ønskjer å strekke oss etter, seier festivalleiaren.

Ny vri på spesialkinoen

Årets kategoriar som filmskaparar frå Sogn og Fjordane kan delta i er «beste fiksjon», «beste dokumentar», «beste etterarbeid», «juniorprisen» som er opp til 10. klasse, «juryprisen» og «publikumsprisen».

Eit av høgdepunkta for veka er spesialkinoen. Eit år var det takkino, eit anna år utandørs kino.

– No ønskjer vi å gjere ein ny vri, men det vil vi ikkje gå ut med endå, seier ein løyndomsfull Eikenæs.

Ein festival for alle

Arrangørane ønskjer alle typar filmar i all slags kvalitet velkomen. Det er berre filmar frå Sogn og Fjordane som får delta i konkurransen, og det er nettopp for å hindre at det berre vert dei sponsa og mest profesjonelle filmane som vinn prisar.

– Qfilm er absolutt for alle, både deltakarar og publikum. Du treng verkeleg ikkje erfaring eller dyrt utstyr for å vere med. Målet vårt er berre å vekkje filminteressa i fylket.

– Det blir ei veke med mykje varierte og spennande filmar, og på fagdagen får vi besøk av kjente personar i filmbransjen. Dei som finn får ein skikkeleg pris, altså noko dei kan ha ståande på peishylla. I tillegg vankar det ei ekstra overrasking til den som stikk av med publikumsprisen, fortel nestleiar Oline Birgitte Nave.

No startar dei med reklamekampanje for å få folk til å sende inn videoar. Gjennom heile veka skal dei syne filmar, dele ut prisar og ha fagdag.

– No begynner å få ting på plass og gler oss veldig. Sjølv om medielinja forsvinn, håpar vi at andre kan ta over Qfilm, for deter ein utruleg flott festival som vi håpar vil bestå, seier Nave.

NB! Filmane i kategorien Publikumsprisen kan ikkje ha musikk det er knytt rettar til. Her må du anten lage musikken sjølv eller få løyve til å bruke musikken. Vêr merksam på at videoen og musikken kan publisert på NRK.no. Det går også an å bruke musikk som ikkje har rettar knytt til seg. NRK Urørt har musikk som det går an å bruke, berre hugs å kreditere artisten.