Hopp til innhold

Dei var raskast opp dei 1268 trappetrinna

Karoline Holsen Kyte og Sedrik Ullebø vann kvinne- og herreklassen i årets Trappeløp i Høyanger etter å ha forsert 1268 trappetrinn i den 21. utgåva av løpet.

Vann Trappeløpet

VANN: Karoline Holsen Kyte frå Førde vann kvinneklassen, medan Sedrik Ullebø frå Høyanger vann herreklassen.

Foto: Lars Jonas Pedersen

– Det er forferdeleg brutalt, og samtidig veldig fascinerande. Det som er verst med trappa, og som skil denne konkurransen frå dei fleste andre, er at syra kjem nesten med ein gong. Og så vert ho berre verande, seier Odd Arild Løseth frå IL Høyang.

Løypa er 0,57 kilometer lang og har ein høgdeforskjell på 311 meter fordelt på 1268 trappetrinn. Det gjer Trappeløpet til Norges brattaste motbakkeløp.


Får syre omtrent frå start

Han fortel at du heilt frå første trinn ligg på syregrensa.

– Men ein tippar snart langt over, og kjem samtidig i kraftig oksygengjeld. Det gjer vondt i heile kroppen, seier Løseth.

Då er det viljen som skil dei beste frå dei lenger ned på lista. Og teknikk er også ei viktig brikke.

– Mange går to og to trinn, medan det for andre har synt seg meir effektivt å springe. Her er det individuelle skilnadar, seier Løseth.

I fjor var det lokal siger i kvinneklassen med Stine Mari Taule, medan Erlend Eide frå Sandane vann herreklassen for andre år på rad.

Men det er ikkje berre i sjølve løypa at det er høg puls. For for å arrangere Trappeløpet og arrangementet Gøyanger, krevst det arbeidslystne folk. Heldigvis finst det mange slike i Høyanger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gøyanger

MYKJE FOLK: Vel 200 stilte i trimklassen, medan nesten 60 kjempa i konkurranseklassen. Andre tok det heilt med ro i Høyanger sentrum.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Vil ha fleire kvinner med

Festivalgeneral Jonny Skår fortel at dei har bra kontroll på arrangementet. Med seg har han nesten 100 personar i arrangørstaben for å få tilstellinga til å gå som smurt.

– I fjor var det første året med bedrifts-konkurranse, og då vart det veldig herredominert. Hydro gjekk av med sigeren, og fekk eit napp i vandrepokalen, fortel Skår.

I år tek dei grep for å få opp kvinnedelen i bedriftsklassa.

– Vi har valt å gi damene 30 prosent avslag på tida i bedriftsklassa. Vi har rekna oss fram til dette gjennom å leggje vinnartidene gjennom åra til grunn, seier Skår.

Han håpar dette vil få kvinnearbeidsplassane til å stille mannsterke til start.

– Påmeldinga så langt er betre enn i fjor, og vêrmeldinga ser heller ikkje så verst ut. Statkraft har også skifta dei slitne trappetrinna, så dette blir bra, seier Skår.

Har tru på rekord

Festivalsjef Synne Vefring håpar på publikumsrekord.

– Vi er ein festival som opererer i mellomsjiktet mellom lokal og regional. Alt er dugnadsbasert, men samtidig har vi etterkvart opparbeidd oss mykje rutine og ein kopetent dugnadsgjeng, seier Vefring.

Festivaldagen opnar med barne-triathlon der unge og lovande får konkurrere i ein kombinasjon av sykkel, springing og blinkskyting med paintball.

Når dei yngste er ferdige, startar trimklassen i Trappeløpet. Startskotet for konkurranseklassen startar klokka 16.