Hopp til innhold

Klarar ikkje finne kvinner til formannskapa

FJELL (NRK): Fleire kommunar har store problem med å klare kvinnekvoten på 40 prosent. – Eit problem for lokaldemokratiet, meiner professor.

Marianne Sandahl Bjorøy

FOR FÅ KVINNER: Trass i at ordførar Marianne Sandahl Bjorøy har 40 prosent kvinner i kommunestyret, er prosenten lågare i formannskapet i Fjell kommune.

Foto: Siri Løken / NRK

Det er eit mål at formannskapa skal bestå av minst 40 prosent kvinner. Likevel slit fleire kommunar med å oppnå målet.

Marianne Sandahl Bjorøy frå Arbeidarpartiet er nyvalt ordførar i Fjell kommune i Hordaland. I hennar kommune er rundt 40 prosent av kommunestyret kvinner, men i formannskapet er mannsdominansen større. Berre tre av ni er kvinner.

– Det synest eg er litt trist. Vi burde klare å få til 40 prosent. Årsaka er for det første er det valresultatet, og så er det samansetninga på listene til partia, seier Bjorøy.

For få kvinner over heile landet

Situasjonen er lik i mange norske kommunar. Ei rekkje stader er kvinnedelen langt under 40 prosent. Bjorøy meiner partia har ein jobb å gjere fram mot neste val.

– Vi er i ein situasjon der vi må gjere nokre prioriteringar for å rekruttere fleire kvinner. Det viser seg at om ein går inn for det, så lukkast ein også med å få fleire kvinner på partilistene og kommunestyrene, seier Bjorøy.

Ei ringerunde til kommunar i Hordaland viser at fleire synest det er vanskeleg å få til 40 prosent kvinner i formannskapa.

LES OGSÅ: Talet på kvinnelege ordførarar nær halvert

– Når det skal inn representantar frå kommunestyret inn i formannskapet og ein berre har menn å ta av, så har ein ikkje noko stort val, seier ordførar i Fitjar kommune, Wenche Tislevoll frå Høgre.

Wenche Tislevoll

EINASTE KVINNE: Ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll, meiner det er viktigare at politikarane er engasjerte enn at dei er kvinner.

Foto: Høyre

Ho er einaste kvinne blant dei fem medlemmane i formannskapet i kommunen, men sjølv synest ho ikkje det er eit stort problem.

– Nei. Det viktigaste er at ein har engasjerte politikarar, meiner Tislevoll.

Demokratisk problem

Formannskapet skal førebu saker for kommunestyret, men tar også ofte avgjersler i viktige politiske saker.

– Akkurat difor er den låge kvinnedelen eit problem, seier professor i statsvitskap ved Høgskulen på Lillehammer, Ingrid Guldvik.

Ho fortel at kommunar over heile landet strevar med å oppnå kjønnsbalanse.

– Formannskapet er det fremste organet. Dei som sit der har makt til å påverke lokalsamfunna sine. Dersom kvinner ikkje deltek har det stor betydning for demokratiet, seier Guldvik.

Ingrid Guldvik

PROBLEM: Professor Ingrid Guldvik meiner den låge kvinnedelen er eit problem for lokaldemokratiet.

Foto: Dag Kessel / NRK