Hopp til innhold

Skal gi lyttarane radio med bølgjeskvulp

Helene Vassbotten Lervik og Jan Børge Leirvik reiser til sjøs for å gi lyttarane siste rest av sommar i Hordaland. Ja, om været tillet det, då.

Jan Børge Leirvik og Helene Vassbotten Lervik

KLARE FOR BÅTRADIO: Jan Børge Leirvik og Helene Vassbotten Lervik skal sende direkte frå hordalandskysten.

Foto: NRK

Moira II

KLAR FOR TUR: Også «Moira II» er klar for å legge ut på reis i Hordaland.

Foto: Jan Børge Leirvik

– Vi håpar på best mogeleg vêr, men det ser litt skummelt ut. Vi får satse på at det blir betre enn det meldingane ymtar om, seier programleiar Jan Børge Leirvik.

NRK Hordaland reiser til sjøs for å sende direkte frå stader rundt om i vakre Hordaland heile denne veka.

Vil fange sommarstemninga på radio

Saman med kollega Helene Vassbotten Lervik legg Leirvik frå kai i Bergen måndag morgon. Første destinasjon for Leirvik, Lervik og motorseglaren «Moira II» er Vedholmen i Os.

Vidare går reise til Rosendal, Mosterhamn og Bekkjarvik for å lage ettermiddagssendingane til NRK Hordaland på P1. Kvar dag denne veka, med unntak av onsdag, sender dei direkte frå skuta mellom 14.03 og 17.00.

– Vi håpar å kome oss rundt på stader vi ikkje er til vanleg, og formidle siste snev av sommarstemninga frå kysten, seier Lervik.

Skumle vêrmeldingar

Den einaste utfordringa for å verkeleg formidle sommarstemninga via radiobølgjene er vêret. Det er nemleg ein sjanse for at den våte stormen Bertha kan stikke kjeppar i hjula.

– Det er meldt regn, men vi håpar folk møter opp og lagar litt liv. Vi oppfordrar også folk til å tipse oss om kva vi kan finne på undervegs, seier Lervik.

Nokre postar på programmet er allereie spikra, mellom anna vil radioparet ha fokus på musikalen West Side Story, som er den dyraste produksjonen til Bømlo teater nokonsinne, når dei legg til kai i Mosterhamn.

– Det gler eg meg veldig til. Vi veit at det skjer mykje i samanheng med musikalen. Den har gått nokre kveldar når vi kjem, og båten skal ligge rett nedanfor amfiet, fortel Lervik.

NRK-båten reiserute

Ønskjer tips

Også i Os har delar av programmet blitt sprikra.

– Terje Søviknes kjem på besøk, og elevar frå Konghaug musikkgymnas.

I Rosendal vil dei bugnande hagane i baroniet blir utforska direkte på ettermiddagssendinga.

– Sjølv om vi er godt førebudde, er ikkje alt på plass endå. Vi ønskjer heilt klart innspel, fortel Leirvik.

Skal bu ombord

Dei to skal bu og leve ombord medan dei seglar rundt i Hordaland. Helene Vassboten Lervik har aldri vore ute til sjøs så lenge.

Jan Børge Leirvik besøker Sunnhordland.

KAPTEIN: Jan Børge Leirvik og «Moira II» var på Hordalands-turné også i 2011.

Foto: NRK

– Det blir ikkje noko luksusliv akkurat, men eg trur det skal gå veldig bra, seier kollegaen Jan Børge Leirvik, som meiner det er knytta meir spenning til om alt det tekniske vil fungere.

– Alt er hundre prosent direktesendt, så vi er avhengig av godt internett. Det blir spennande å sjå om vi klarer å halde oss på lufta, ler Leirvik.

Leirvik er kaptein

«Moira II» er Jan Børge Leirvik sin båt, og har vore med på mang ei runde i Hordaland før.

– Eg er kaptein, og rimeleg godt kjent rundt i traktene etter å ha vore farande fant i 20 år, fortel Leirvik.

Det kan hende dei to blir nøydde til å køyre til Rosendal på grunn av vêret, men sendingane vil gå som normalt uansett.

– Vi håpar på god mottaking og yrande folkeliv i kvar ei hamn.