Hopp til innhold

Klar for å innta Stortinget

Miljøpartiet De Grønne har tru på å nå Stortinget ved neste val, og dei får støtte frå valforskar Frank Aarebrot.

Hanna E. Marcussen

Viss MDG held seg synleg fram mot stortingevalet kan dei får folkevalde inn på Stortinget, trur talskvinne Hanna E. Marcussen.

Foto: Miljøpartiet De Grønne

Miljøpartiet De Grønne (MDG) har denne helga vore samla til landmøte i Bergen. På møtet blei ei meiningsmåling gjort av Infact presentert, der 1,3 prosent svarar at dei ville ha stemt på MDG viss det var stortingsval i morgon.

– Me er godt nøgde med det målinga viser og synest det er veldig positivt, seier talskvinne Hanna E. Marcussen i MDG til NRK.

– Målinga viser at det er mogleg for oss å få representantar inn på Stortinget. Målet no er å komma over sperregrensa og der er det eit stykke igjen, seier Marcussen.

Kan vinna direktemandat

Ved kommunevalet i fjor fekk partiet representantar inn i fleire kommunestyre, og partiet er no representert i bystyret i landets fem største byar.

I Hordaland og Akershus fekk dei også folkevalde inn i fylkestinget.

– Det betyr at dei ikkje treng å bryta sperregrensa på fire prosent for å komma inn på Stortinget, men kan vinna direktemandat. Miljøpartiet De Grønne er i angrepsposisjon og dei har ein talarstol i bystyret og fylkesting. Det er eit gjennombrot, seier valforskar Frank Aarebrot til Bergens Tidende .

– Må halda oss synlege

MDG er særleg nøgd med at meiningsmålinga gir dei ei oppslutting på 4 prosent i Oslo, noko som ville gitt dei eit direktemandat på Stortinget.

– Me ligg godt an til å kunna få direktemandat i Hordaland, Oslo eller Akershus. Målinga stadfestar den gode følelsen me har og viser at me kan greia det om me står på, seier Hanna E. Marcussen.

– Trur du oppslutninga vil halda seg på dette nivået fram til valet?

– Viss me greier å halda oss synlege, særlig i dei største byane, så er det absolutt mogleg. Målet vårt er at oppslutninga også skal auka, seier Marcussen.

Har opna seg eit rom for MDG

Frank Aarebrot kommenterte meiningsmålinga på landsmøtet til Miljøpartiet De Grønne i dag.

– På landsmøtet vårt for fire år sidan sa han at det ikkje var plass til eit grønt parti i Norge, fordi Venstre og SV fylte dette rommet. No meiner han det er plass til oss. Det er kjekt å høyra eksterne stadfesta det me veit, seier Marcussen.