Hopp til innhold

Klamra seg fast til brygga - redda opp av dykkarar

Ein mann i 20-åra er køyrd til Haukeland universitetssjukehus etter at han fall i sjøen ved Festningskaien i Bergen.

Festningskaien

Klokka 04.19 fekk politiet melding om at ein person hadde hamna i sjøen.

– Personen som ringde inn til oss skal ha observert ein mann i Vågen som ropte om hjelp, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Kjersti Eidsnes.

Brannvesenet rykka ut med dykkarar frå Sandviken brannstasjon, og fann mannen som klamra seg til fenderane langs kaien.

– Han pusta og var medviten når han blei henta opp, men vart køyrd til legevakta og deretter til Haukeland universitetssjukehus. Han skal ikkje vera livstruande skadd etter det me kjenner til, seier Eidsnes.

Politiet veit ikkje korleis personen hamna i sjøen, men han skal ha vore rusa. Han er ikkje kjent for politiet.

Laster Twitter-innhold