Hopp til innhold

Kjøpte vasskraftverk for 1,7 mrd.

Elkem og Orkla sel vasskraftverksemdene i Salten og Bremanger for seks milliardar kroner.

Video nsps_upload_2009_10_5_13_50_0_3230.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ein lokal allianse mellom Sogn og Fjordane Energi, Tafjord og Sognekraft betaler 1,7 milliardar kroner for vasskraftverka Svelgen 3 og Svelgen 4, samt Straumane kraftverk. Dei tre er eigarar av Svelgen Kraft Holding.

- Å få hand om Elkem sine kraftstasjonar i Svelgen har vore både indistrielt og strategisk viktig. Det er sjeldan at slike kraftanlegg kjem for sal, seier konsernsjef i SFE, Ole Schanke Eikum.

Ny lov

Dei tre kraftaktørane tek over samtlege aksjar i selskapet Elkem Energi Bremanger AS. SFE blir største part med 56 prosent, Tafjord får 34 prosent, medan Sognekraft får ti prosent.

Salet vart kjent måndag under ein pressekonferanse på Sandane og kjem som resultat av den nye konsesjonslova som Stortinget vedtok i 2008 . Lova skulle sikre offentleg eigarskap til vasskraftverka i Norge.

Pressekonferansen til SFE

På pressekonferansen deltok styreleiar Arvid Lillehauge i SFE, konsernsjef Ole Schanke Eikum, produksjonsdirektør Ole Bjørn Alvestad i Tafjord og adm. dir. i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal.

Foto: MMS- Cosmin Cosma/NRK / NRK

Viktig med lokal eigar

SFE og Sognekraft meiner det er viktig å behalde kraftverka i Bremanger på lokale hender.

- Det kan sikkert diskuterast kor mykje lokalt eigarskap har å bety, men her i fylket har vi vore meir kjende for at verdiane går ut av fylket og når det først vart eit slikt sal, så tykkjer vi det er viktig å ha det på lokale hender, seier styreleiar i SFE, Arvid Lillehauge.

Avtale med Statkraft

Når det gjeld Svelgen I og II, samt nokre mindre kraftverk i Bremanger, er omfatta av leigeavtalar med Statkraft. Kraftverka vert drive som integrert del av kraftverksemda i Elkem Energi Bremanger.

Ein avtale på 240 GWh sikrar at krafta frå desse verka går til Elkem Bremanger smelteverk.

Frå nyttår

Kjøpet er ikkje endeleg før Konkurransetilsynet og Olje- og Energidepartementet har gjeve sine godkjenningar. Overtakinga vert difor tidlegast 1. januar 2010.

Styra i Orkla og Bremanger har derimot vedteke å halde på kraftverksemda i Sauda og Borregaards kraftverk i Sarpsborg.