Hopp til innhold

Slik fekk Alexander eit Dolk-verk i stova

Då Alexander Nässelqvist såg ein mann bære med seg eit Dolk-verk på veg til søppeldynga handla han raskt, og byta til seg måleriet for ei flaske vatn. No har han fått tilbod om 50.000 kroner for kunstverket.

Dolk

BYTA TIL SEG KUNST: Alexander Nässelqvist byta til seg eit av gatekunstnaren Dolk sine kjende bilete mot ei flaske vatn.

Foto: Privat

– Kunstverk av Dolk høyrer ikkje heime på søppeldynga. Eg er veldig glad for at eg var på rett stad til rett tid, seier Nässelqvist.

Den anerkjende kunstnaren, Dolk frå Bergen, har oppnådd millioninntekter for bileta sine. Kunstnaren sjølv møter aldri media ansikt til ansikt, og har skjult identitet. Tidlegare i haust tok han også for alvor steget frå gata og inn i kunstgalleria.

Kjøpte kunstverket for ei flaske vatn

Dolk Gasmask

GASMASK: Bilete Gasmask er spraya på branndøra som tidlegare var på Norges kreative fagskule i Bergen.

Foto: Alexander Nässelqvist

I haust bestemte Bergen kommune seg for å verna Dolk sin gatekunst med glas og ramme, men berre dagar etter blei eit av dei mest kjende verka hans stole.

Det var i 2007 Nässelqvist studerte ved Norges kreative fagskule i Bergen, og «redda» eitt av verka til gatekunstnaren Dolk. Skulen som ligg midt i Bergen sentrum var under oppussing, og ein dag Nässelqvist var ute ein tur i pausa, såg han at nokon av arbeidarane var i ferd med å skru ned branndøra som Dolk-måleriet var spraya på.

– Dei var på veg bort med døra på ei lasteplan som skulle vidare til søppelfyllinga. Då sprang eg bort til mannen som bar på døra og spurte om han var tørst, fortel Nässelqvist.

Mannen svarte at det var han, og då spurte Nässelqvist om han kunne springe å kjøpe ei flaske Imsdal til han i bytte mot døra.

– Det var heilt greit for mannen. Det var berre ein ting mindre for dei å kasta, fortel Nässelqvist.

Dermed var Nässelqvist den nye eigaren av døra med det kjende Dolkverket «Gasmask» på.

Blei stovebord

Dei siste åra har Nässelqvist vore busett i Vestfold. Han fortel at han alltid har vore nyskjerrig på grafitti som uttrykksform, og at han lenge hadde kjend til kunstnaren.

– Eg såg tidleg at Dolk var ein som skilte seg ut. Han hadde ein stil eg aldri hadde sett før, seier Nässelqvist.

Branndøra har han ramma inn og sett glas på, og har mellom anna brukt den som stuebord, no står kunsverket i stua som pynt.

Mange som ønskja å kjøpe det

Nässelqvist fortel at han har fått mange reaksjonar på at han blei eigaren av kunstverket i bytte mot ei flaske Imsdal. At han gjorde ein god byttehandel er det lita tvil om, han har fått mange tilbod frå folk som ønskjer å kjøpe døra.

– Det siste tilbodet eg fekk var på 50.000 kroner. Men eg takka fint nei, eg ønskjer ikkje å selje det, seier han.

For 33-åringen har nemleg heilt andre planar for kunstverket.

– Eg vil gje det i konfirmasjonsgåve til dottera mi når det tid kjem, det er ei fin gåve.