Hopp til innhold

Kommunen utkonkurrerte private i bodrunde om bustadhus

Kommunen utkonkurrerte fleire private i bodrunden om eit bustadhus ved sjukeheimen i Førde. Kommunen fekk tilslaget, 700.000 kroner over takst.

Hus Førde

DYRKJØPT: Dette huset llike ved Helsetunet i Førde, gjekk for 700.000 kroner over takst.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bustadeigedomen som Førde kommune no har kjøpt, var taksert til 2,9 millionar, men etter budrunde enda prisen på over 3,6 millionar.

Rådmannen meiner at det er langt betre at dei kjøper på ordinært vis, enn at ein risikerer å måtte gå inn og ekspropriere på eit seinare tidspunkt.

Vurderer utfrå behov

– I dette tilfellet her meiner vi det var forsvarleg, men dette er jo ein vurdering som vi gjer i kvart enkelt tilfelle. Det er mange eigedomar vi ikkje har fått fordi vi har meint at prisen har vore for høg, seier rådmann Ole John Østenstad til NRK.

Ole John Østenstad.

RÅDMANN: Ole John Østenstad i Førde kommune.

Foto: Olga Wergeland / NRK

Han peikar på at kommunen vurderer verdien på eigedomen utfrå kva kommunen har bruk for av areal.

– Dette må vi vurdere i kvart enkelt tilfelle, og kor viktig det er for oss å rett og slett sikre oss den eigedomen, seier rådmann Ole John Østenstad til NRK.

Vil unngå tvang

Han trur at det etterkvart vert meir og meir vanleg at kommunane er aktørar i den opne marknaden, for å unngå at det endar opp med tvangsgrep og rundar i rettssystemet.

– I alle fall i Førde, så prøver vi å unngå ekspropriasjon i det lengste. Vi prøver å nå fram med forhandlingsløysingar. Så er det og ein del av biletet at vi prøver å kjøpe eigedomar når dei er for sal. Då må vi gå inn og konkurrere med andre kjøparar, stadfestar rådmannen.

NRK kjenner til at fleire private var med i bodrunden om huset like ved sjukeheimen i Førde sentrum.Men desse gav seg då kommunen bydde 3,65 millionar.

Offentleg interesse

Ole John Østenstad meiner likevel at det er i innbyggjarane si interesse at kommunen investerer i private eigedomar, som ligg nær viktige, offentlege utbyggingsområde.

– Det er og i interessene til grunneigarar, at det offentlege kjem inn når eigedomane faktisk er til sals.