Vil gjenreise huset til Ludwig Wittgenstein i Luster

Harald Vatne er ei av eldsjelene som har kjempa i fleire tiår for å ruste opp tomta der huset til filosofen stod. No kan det sjå ut som om draumen hans vert oppfylt.

Han er ein av verdas mest kjende filosofar - og aller best likte austerrikaren Ludwig Wittgenstein å jobbe i ei lita steinhytte i Sogn. Hundre år seinare vil bygdefolket få historia om han fram i lyset igjen.

Tdilegare fjernsynssak om bygdefolket i Naustdal som vil bygge opp att hytta til den kjende filosofen.

– Det viktigaste er å få huset hans tilbake. Eg er sikker på at dette vil føre til auka turisme i Luster, seier Vatne.

I år er det 100 år sidan filosof Ludwig Wittgenstein kom til Luster for fyrste gong. Austerrikaren som vert rekna som ein av førre hundreår sine mest betydingsfulle filosofar bygde ei hytte i ein fjellskrent 30 meter over Eidsvatnet i Luster for å få arbeidsro.

Skreiv kjende verk på hytta

Wittgenstein har hatt stor betydning for den analytiske filosofitradisjonen, og eit av hans mest kjende verka «Filosofiske undersøkingar» vart skrive i hytta på i Luster som no er rive.

– Han kom ofte hit til Luster og han har sagt at han ikkje kunne arbeide like godt nokon anna stad, seier Vatne stolt.

Vetle Austerrike

Tomta ligg på ei hylle i ein bratt fjellskrent 30 meter over Eidsvatnet og staden vert kalla vesle Austerrike av dei som bur i bygda på grunn av den kjende filosofen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Wittgenstein hus i Skjolden

HYTTE PÅ FJELLSKRENTEN: 30 meter over Eidsvatnet skreiv filosofen nokre av sine mest kjende verk

Berre grunnmuren att

I dag er hytta flytta til Skjolden og på tomta står berre grunnmurane att. Lokalbefolkninga i Luster, forfattarar, og intellektuelle frå fleire land har mobilisert i årevis for å få gjenreist huset. Ordføraren har stor tru på at mange turistar og andre engasjerte vil kome til Luster dersom hytta vert flytta tilbake til sin opphavlege stad.

– Det ser vi jo allereie, det kjem ofte folk hit for å sjå på staden der filosofen budde, seier Vatne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huset til Wittgenstein i dag

OMBYGD: I dag står huset på Skjolden og vert brukt som feriehus

Foto: Agnese Bremere / NRK

Kjem folk frå heile verda

I dag kjem det folk frå heile verda for å besøke staden der Wittgenstein budde. Vatne fortel om folk som kjem for å sitje på tomta og filofisere slik Wittgenstein gjorde.

– Dette er absolutt ei større og viktigare hending enn vi kanskje er klar over, seier Vatne.

Vil bruke 250.000

No vil Luster kommune bruke 250.000 kroner på å kjøpe tomta. Torsdag 18. april skal saka om oppkjøp av Wittgenstein-tomta opp i kommunestyret.

No har gjengen store planar om å få meir aktivitet i området, og dei umiddelbart vil starte jobben med å få pengar til å få bygd opp att hytta.

– Eg er jublandet glad. Vi har jo kjempa lenge for å få dette til, og no kan det sjå ut som om det endeleg skjer, seier eldsjela nøgd.