Avtalen vart inngått i dag. Norgesbuss er eit dotterselskap av Torghatten ASA. Eit selskap som tidlegare i år gjekk saman med mellom andre Fjord1
.Avtalen medfører at Firda Billag Buss AS blir ein del av konsernet Torghatten ASA. Rutebilselskapet har 194 tilsette.
- LES OGSÅ:
– I første omgang ser eg positivt på det. Det er eit solid selskap, og eg ser at dei heilt sikkert set på mykje kompetanse når det gjeld anboda vidare, seier tillitsvald Jostein Gjermundstad.
– Blir sterkare
Firda Billag vann nyleg
. I november neste år skal bussrutene i Sunnfjord ut på anbod, med oppstart i 2016. Bussrutene i Sogn blir lagt ut på anbod november 2015, med oppstart i 2017.Med Norgesbuss, og Torghatten, i ryggen, både håpar og trur Gjermundstad kan gjere Firda Billag Buss sterkare i anbodskonkurransen.
- LES OGSÅ:
– Vi blir sterkare. Vi har ein sterk aktør med oss no, og kan komme inn på marknaden på andre måtar enn vi har vore no, seier han.
Naudsynt grep
Administrerande direktør i Firda Billag, Peter Midthun, trekkjer også fram behovet for ei sterkare økonomisk ryggrad i anbodskonkurransar. Han seier risikoen i anbodsmarknaden er stor.
- LES OGSÅ:
DIREKTØR: Peder Midthun.
Foto: Arne Stubhaug / NRKAt dei har blitt del av Torghatten AS, som er ein av dei største aktørane innanfor persontransport i Norge betyr at Firda Billag har fått ein sjanse til å utvikle selskapet vidare, meiner han.
- LES OGSÅ:
– Eg ser dette som heilt nødvendig for at vi skal kunne ha sjanse til å halde fram som eit eige selskap i Sogn og Fjordane, seier Midthun.
Vil vekse i vest
– Vi vurderer det slik at vi no har mogelegheit til å vere med på ein betre måte enn vi elles ville gjort. Vi kunne vore med i anbodskonkurransar, men evna til å finansiere ville vore betydeleg lågare og vi ville ikkje hatt mogelegheit til å vere med på andre anbod, heldt Midthun fram.
- LES OGSÅ:
Torghatten er ein av dei største aktørane innan persontransport i Norge, og ser Firda Billag som ein inngangsport for å satse vidare på Vestlandet.
Blir verande i Førde
Partane er samde om å halde kjøpesummen hemmeleg. Det er klart at Firda Billag skal halde fram med å drive bussverksemda frå Førde, med same organisasjon og namn som i dag.
Passasjerane vil ikkje merke noko av at Norgesbuss er inne på eigarsida.
– Torghatten er ikkje tidlegare representert på Vestlandet og intensjonen er å bruke Firda Billag Buss som plattform for vidare ekspansjon i landsdelen, seier administrerande direktør Atle Rønning i Norgesbuss i ei pressemelding.
Dette er Norgesbuss
Noregsbuss-konsernet er ein av landets leiande aktørar innan kollektivtrafikk med over 400 bussar og rundt 900 tilsette.
Hovudaktiviteten deira er rute- og skulekøyring i Oslo, Akershus og Buskerud.
I tillegg køyrer dei tre av fire flybussruter til Oslo Lufthamn, Gardermoen, for Flybussekspressen. Dei eig og operer også SAS Flybussen i Oslo. Selskap driv og turkøyring.