Hopp til innhold

Kjøper helikopter for 300 millionar – betalar kontant

Investor Oddvar Røysi frå Luster kjøper 13 flunkande nye Airbus-helikopter til nær 300 millionar kroner. Oppgjeret betalar han kontant.

Oddvar Røysi
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Investoren som er fødd i Kinsedal i Luster kommune har kjøpt seg tungt inn i NOR Aviation AS. Det er i samband med dette at han kjøper helikoptera. To av dei flaug frå fabrikken i Marseille til Oslo tysdag denne veka.

–I fase éin har eg kjøpt åtte helikopter. I desse dagar skriv eg kontrakt om fem til som skal leverast i 2017/2018, stadfestar Røysi til NRK Sogn og Fjordane.

Betalte cash

Innkjøpet er formelt gjort gjennom Skjolden Cruisekai AS. Helikopteret av typen Airbus skal ifølge Røysi koste mellom 22 og 33 millionar kvar, avhengig av modell og utstyr. Men Røysi trengde ikkje be bankane om nåde for å gjennomføre investeringa.

–Vi låner ikkje pengar. Konsernet mitt låner ikkje ei krone. Heller ikkje i Skjolden, seier investoren.

NOR Aviation skal operere helikoptera som skal brukast på basane dei normalt nyttar til oppdrag rundt om i landet

Men dei største helikoptera skal brukast til cruiseflyging. Dei får base på Sola utanfor Stavanger og frå våren også på Flesland utanfor Bergen. Men det er meir usikkert om heimkommunen Luster får ta del i storsatsinga. Røysi har tidlegare investert 250 millionar i ein cruisekai i Skjolden.

– Eg har investert fleire hundre millionar kroner, men føler at eg står veldig åleine der inne. Det tapper pågangsmotet mitt. Eg har nærast fått nei så langt, seier Røysi.

Airbus-helikopter

FRÅ FRANKRIKE: Desse to helikoptera er Røysi sine og flaug til Oslo tysdag. Det er første gong leverandøren leverer to helikopter same dagen.

Foto: Privat

Var stor motstand

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) føler bygda og kommunen har støtta Røysi godt. Han er takknemleg for investeringa Røysi har gjort i Skjolden og seier det ikkje er tvil om at Skjolden gjekk inn i ei ny tid med investoren si satsing.

– Men etablering av helikopterplass midt i bygda møtte stor motstand frå bygdefolk og anna reiseliv. Eit overveldande fleirtal var kritisk til å etablere ein slik base, seier Kvalen.

– Kan basen plasserast andre stadar?

– Det ville kanskje vore enklare. Men det har så langt ikkje vore tema, seier Kvalen.

Oddvar Røysi meiner ei cruisenæring utan helikoptertilbod er vanskeleg.

– Sjå oppover til Stryn og Nordfjordeid som har utvikla eit godt tilbod til cruiseanløpa sine, seier han.

I tillegg til å gå tungt inn i NOR Aviation har Røysi vore med på å etablere eit selskap som skal sjå på ei rekkje utviklingstiltak innan helikopterbransjen.