Kjøper Førde Hotel

Roy Solbakken sel alle aksjane sine i Førde Hotel AS til Skei Hotel AS, som overtek drifta av Førde-hotellet 15. juni i år. Styret i Skei Hotel AS vil bruke mykje pengar for å modernisere både Førde Hotel og Thon Hotel Jølster i åra som kjem. – Vi er overtydde om at dette kjem til å styrke posisjonen vår i regionen, seier Sindre Saue Årdal, som er direktør ved Thon Hotel Jølster.

Thon Førde Hotel
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK