Hopp til innhold

Drøymer framleis om OL-plass

Hekkeløpar Øyvind Strømmen Kjerpeset (24) har hatt OL i Rio som sitt hovudmål heile karrieren. No må han levere under EM i Amsterdam denne veka, dersom OL-draumen skal oppfyllast.

Øyvind Strømmen Kjerpeset etter 200-meteren på Bislett

SPRING FOR OL-PLASS: Øyvind Strømmen Kjerpeset håpar at eit superløp kan sende han til OL.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg må perse med eit halvt sekund for å komme til OL. Det er ein del, men det er mogleg.

Øyvind Strømmen Kjerpeset er tilbake i storslag. For sjølv om han førebels ikkje har oppnådd dei same tidene som i gjennombrotssesongen 2013, så er to år med skadar endeleg over.

Denne veka spring han Europameisterskapen i Amsterdam. Der skal han prøve å presse tida på 400 meter hekk under OL-kravet, som lyd på 49.30. Kjerpeset sin personlege rekord frå 2013 er på 49.95.

– Alle marginar må vere på mi side, eg må ha gode forhold. Dagsforma og løpet må sitte perfekt. Eg kan klare det, men det blir vanskeleg, fortel florøværingen.

Skademarerittet

I 2013 var Kjerpeset på alle sine lepper. Ein fantastisk sesong, der han vart første nordmann som brukte under 50 sekund på 400 meter hekk, vart krona med kongepokalen. Beviset på at han var Noregs beste mannlege friidrettsutøvar.

Resultata gjorde at Kjerpeset valde å sette medisinstudia på vent, og satse på idretten på heiltid. Alltid med OL i Rio som det langsiktige målet.

Men då 2014-sesongen skulle toppe året før, drog han på seg ein belastningsskade under foten. Sidan har han slite med å finne forma frå 2013. Før no.

– Eg er betre enn eg nokon gong har vore på trening. Det er vanskeleg å forstå kvifor eg ikkje har sett ny pers i år, men vi har hatt mykje dårlege forhold. Forhåpentlegvis klarar eg å få fram potensialet mitt under EM.

OL-draumen

– Eg har tenkt på OL i Rio kvar dag i ein del år no. Det har alltid vore eit langsiktig mål, og no er vi plutseleg der.

Men dersom Kjerpeset skal få vere med i den norske troppen, må han springe under 49.30 denne veka. Det er kravet Olympiatoppen har sett på 400 meter hekk, og EM er siste moglegheit til å vise seg fram.

Dermed må han springe over eit halvt sekund raskare enn nokon gong før, og eit sekund raskare enn han har sprunge så langt i år.

– Ein kan seie at det høyrest mykje ut, men eigentleg snakkar vi om 2–3 meter. Det er absolutt mogleg, men alt må stemme.

Eystein Enoksen har vore Kjerpeset sin trenar i fleire år. Har fortel at OL-håpet framleis er tent for 24-åringen.

Eystein Enoksen (t.v.) og Øyvind Strømmen Kjerpeset

HAR TRUA: Trenar Eystein Enoksen og Øyvind Strømmen Kjerpeset trur på OL, dersom alt klaffar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Målet er å klare OL-kravet. Får han eit optimalt løp i EM er han nær 49.30, kanskje til og med under, trur Enoksen.

Og Kjerpeset lovar å gi alt for at draumen skal gå i oppfylling.

– Eg har vore godt førebudd til årets sesong, men kjempeløpet har av ein eller anna grunn ikkje kome. Håpet er at det skal skje no i EM, seier hekkeløparen.

Kjerpeset spring kvalifisering til 400 meter hekk under EM i Amsterdam i dag klokka 17.05. Semifinalen går torsdag, og finalen fredag. EM kan du sjå på NRK1 frå klokka 17.