Kjent bergensartist tiltalt for truslar

Ein kjent bergensartist er tiltalt for å ha kome med valdelege truslar mot politiet.

Bergen tingrett

(Arkivfoto) Bergenmusikaren som er sikta for truslar må møte i Bergen tingrett den 18. januar.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Det kjem fram i ei tiltalevedtak frå politiet.

Mannen, som er godt kjent frå musikkmiljøet i Bergen, har mellom anna sagt til to politimenn at han skulle «få dei drept».

Kalla politiet «fuckings rævhål»

Årsaka til han kom med truslane er ifølgje politiet at dei gav han beskjed om at han ikkje fekk lov å drikke alkohol på open gate.

Då han fekk beskjed om å pakke vekk alkoholen sa han «fuck you», «fuckings rævhål» og «jeg hater politiet» til tenestemennene.

Han nekta å følgje politiet si oppmoding og drakk likevel. Vidare bad politiet han om å gå vekk frå området, men likevel var han på staden 20 minutt seinare.

Må møte i retten

Tiltalen består av mange punkt. I tillegg til å ha kome med truslar om drepe politimennene har han også nekta å gi opp informasjon om kvar han budde.

Saka skal opp i Bergen tingrett 18. januar. Det er uvisst korleis mannen som sikta stiller seg til skuldingane i tiltalen.

NRK har vore i kontakt med advokaten til musikaren som seier han ikkje kan kommentere i saka i kveld.