Hopp til innhold

– Det er ikkje opplagt for meg at det er trygt no

Anders Henning Sægrov i Jølster kjenner seg ikkje trygg i heimen etter at vatn og jordmassar fossa gjennom byggjefeltet han bur i. Han meiner elveløpet må bli rydda raskt for å hindre ny flaum.

Anders Henning Sægrov

IKKJE TRYGG: Anders Henning Sægrov kjenner seg ikkje trygg i heimen etter at vatn og jordmassar fossa gjennom byggjefeltet han bur i.

Foto: Privat

Då uvêret herja i Jølster på tysdag førre veke, var byggjefeltet Årsetbakkane på Vassenden ein av stadene som blei hardt råka. Jordmassar delte feltet i to, og folk måtte evakuere frå husa sine.

Anders Henning Sægrov bur i byggjefeltet. Han var ikkje ein av dei som måtte evakuere då ekstremnedbøren trefte, men no kjenner han seg likevel ikkje trygg heime.

– Kjem det no varsel om mykje nedbør, ser eg det ikkje som klart at ein kan halde seg i Årsetbakkane. Det er ikkje opplagt for meg at det er trygt no.

Sægrov har synfart elva etter at uvêret råka dei. Han fryktar at tre, stein og massar lenger oppe i elveløpet til Årsetelva kan demme opp vatn og skape ein ny flaum – også ved mindre nedbørsmengder enn tysdag.

Ras på Jølster

OMFATTANDE SKADAR: Slik ser det ut over Årsetbakkane på Jølster.

Foto: Kari Anne Grimelid Årset

– Den har vore nær på å kunne gå over sine breidder fordi skog som har grodd til langs elveløpet har halde igjen masse som har blitt skubba nedover med den høge vassføringa.

Han seier tryggleiken er eit tema mellom naboane i byggjefeltet.

– No forventar eg at ein må prioritere det å få reinska elveløpet i nær framtid, så ein kan vere trygg på at vatnet går riktig veg og ikkje hamnar ned mot byggjefeltet.

Årsetbakkane i Jølster

ETTER UVÊRET: Dette biletet tok Anders Henning Sægrov etter at vatn og jordmassar hadde rasa gjennom bustadfeltet Årsetbakkane i Jølster.

Foto: Anders Henning Sægrov / PRIVAT

– For min del vil eg kjenne meg trygg viss ein får reinska opp elveløpet, fjerna skog og oppdemma grus, stein og masse midt i elva, seier han.

– Vil ta tid

NVE er i gong med arbeid med maskinar på nokre av punkta som blei råka av flaumen, fortel regionsjef Brigt Samdal.

Sikringstiltak som blei utført for to år sidan, gjorde ifølgje NVE at det ikkje gjekk meir ut over hus og bygningar då Årsetbakkane blei råka. Men no er sikringa skadd.

– Det er omfattande øydeleggingar som har skjedd, og det vil ta litt tid før vi kan få ferdigstilt eit fullt sikringsanlegg som vi meiner må på plass, seier han.

Brigt Samdal - NVE

KREVJANDE: – Det er krevjande å stadig få desse hendingane der vi spring etter i staden for å førebyggje, seier Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

– Når kan det bli sett i stand med tanke på haustuvêret som ventar?

– Det er for tidleg å seie. Men eg har stor forståing for bekymringa som innbyggjarane har i forhold til den krevjande situasjonen som dei har vore igjennom, seier Samdal.

Sægrov har forståing for at det tek tid å få på plass sikringsanlegget, men står fast ved at det hastar å få reinska elveløpet.

Departementet vurderer tilleggsløyving

Regionsjefen seier dei dannar seg eit bilete av kostnadene etter kvart som dei undersøker dei ulike punkta.

– Det vil bli gitt ei melding oppover til departementet vårt for å vurdere om der er behov for ei tilleggsløyving, seier Samdal.

Anders Henning Sægrov meiner det er viktig å vite kva vegar vatnet kan ta neste gong det kjem mykje nedbør.

– Viss ein skal unngå evakuering i nær framtid må ein vite korleis vatnet vil oppføre seg ved nye regnskurar. Eg trur ikkje ein skal vere så veldig oppegåande for å forstå at det ikkje er trygt der viss det ikkje skjer noko i nær framtid, seier Sægrov.