Hopp til innhold

Kjendisfest i Bergen sentrum

Festplassen i Bergen var laurdag fylt med TV 2-kjendisar som feira arbeidsplassen sitt 20-års jubileum.

Hotel Cæsar portieren på Tv2-feiring i Bergen

Portieren frå Hotel Cæsar var på plass på Festplassen og helste på fans.

Foto: NRK

Mange bergensarar tok i dag del i TV 2 si bursdagsfeiring i Bergen sentrum. Davy Wathne, Eli Kari Gjengedal, Farmen-Gaute og Else Kåss Furuseth var nokon av dei kjente tv-profilane ein kunne få helsa på.

– Det er så moro å sjå at folk er nysgjerrige på kva me driv med, har lyst til å treffa profilane i TV 2, og stiller opp og bidreg til at dette blir ein folkefest i Bergen. Det er rett og slett heilt fantastisk, seier Eli Kari Gjengedal.

LES OGSÅ: – TV 2 i Bergen har betydd alt

TV-aktivitetar var flytta ut

På Festplassen kunne folk i dag nærast «gå inn i» kjente tv-program, ein kunne prøva seg som vêr-presentatør eller testa Gaute Grøtta Grav sine «Farmen-aktivitetar».

TV2-feiring på Festplassen i Bergen

Det var populært å prøva seg som vêr-presentatør.

Foto: NRK

Ein del av Festplassen var gjort om til ei lita fotballbane og det gjekk heftig føre seg under minicupen som blei arrangert. Publikum fekk sjå harde taklingar frå Mini Jakobsen og Davy Wathne.

– Hadde Mini oppført seg slik på vanleg gate hadde han blitt arrestert, sett inn og aldri blitt slept ut igjen. Her på fotballbana går tydelegvis alt an, seier Wathne.

– Usikkert kva som skjer om fem minutt

Men Mini sjølv tok lett på kjeften frå Davy Wathne.

Mini Jakobsen på TV2-feiring i Bergen

Mini Jakobsen fekk kjeft frå Davy Wathne, men det bryr han seg ikkje om.

Foto: NRK

– No har eg jobba i TV 2 i snart 13 år og eg har vel fått kjeft frå dag ein, så slik kjem det nok til å vera heilt til slutt. Når ein kjeftar på barna sine er det alltid litt med kjærleik og eg føler at det er slik frå Davy også.

– Er det slik de liker å feira i TV 2?

– TV 2 er ikkje tradisjonell i det heile tatt. Det er veldig sånn, kva skjer no om fem minutt, det er veldig usikkert, men det kjem til å gå bra, ler Mini Jakobsen.