Hopp til innhold

Anders må ikkje ha laksen på middagsbordet

NAUSTDAL (NRK): Laksesesongen var ikkje mange timar gamal før Anders Neteland fekk årets første laks på kroken.

I dag starta laksefisket i mange av elvane i Norge. Hos Anders Neteland i Naustdal var spenninga stor. 

SJÅ: I dag starta laksefiskesesongen i mange norske elvar. I Nausta fekk Anders Neteland ein laks på åtte kilo på sesongens første dag.

Anders Neteland med laks i Nausta

BEST: Det er ikkje berre fisketettleiken som gjer at Anders Neteland trivast godt i Sunnfjord. – Du har Førdefjorden, hjorten på fjellet og laksen i elva. Det er heile pakka, seier han.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– 1. juni burde vore offentleg høgtidsdag. Då endrar i alle fall mitt liv seg. Eg søv mindre og all aktivitet blir lagt opp etter dette, gliser han, der han står ved breidda av Nausta i Naustdal.

– Vil ikkje gjere anna

Det er bursdag, 17. mai, julaftan og alt som er på ein og same dag, for lakseentusiastane. I ei lang rekkje norske elvar, gjer både små og store kast etter kast i jakta på ein kamp med den ettertrakta fisken.

Anders Neteland på laksefiske i Nausta

TRIVAST: Dei «lærde» stridast om det var sambuaren eller laksen som trekte Anders Neteland frå Bergen til Naustdal. – Det kjem an på kven som svarar. Eg kom vel eigentleg for jakt og fiske, og så trefte eg ei dame, humrar han.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Det krev tolmod og timar med spenning ved elva. Anders Neteland, også kjend frå TV2-programmet «Bloggerne», prisar seg lukkeleg for ei «laksefrue» som godtek lidenskapen. Heile vinteren har han gledd seg til 1. juni.

– Når eg veit at eg kan fiske laks, så har eg eigentleg ikkje lyst til å gjere anna, seier han når ventetida endeleg er over.

Pangopning

Slo til med nok en storlaks i Namsen

STORLAKS: Terje Haverstad og Ole Petter Kleiven med storlaksen på 20,1 kilo. Tidlegare i dag fekk dei også ein laks på 18,9 kilo.

Foto: Karina Moe

Mange stadar i landet fekk fisket ei pangopning i dag. I Namsen i Nord-Trøndelag landa Ole Petter Kleiven ikkje mindre enn to laksar på kring 20 kilo. Allereie tidleg i dag kunne Georg Solem i Surna Elveeigarlag på Nordmøre melde om sju laks.

– Med tanke på at vêret ikkje var perfekt i natt, så lovar dette godt, sa Solem.

Laks vart det også på Neteland i Nausta. Den vog åtte kilo, men hamna ikkje på noko middagsbord. Etter kort tid er den tilbake i det våte element.

– Det er der den høyrer heime, seier han.

Viktig med fisk, men ...

Anders Neteland slepper fri laksen i Nausta

FLOTT: – Den var veldig flott, seier Anders Neteland før han slepper laksen ut att i Nausta.

Foto: Ahmed Dean / NRK

Neteland meiner å ha ei romantisk tilnærming til fisket, og er ikkje oppteken av å fange den store mengda. Eksilbergensaren meiner å ha ei romantisk tilnærming til fisket.

– Når laksen skal ut att, så er det viktig å behandle den fint. Då bør ein også tilpasse utstyret deretter. Her tek ein vare på, og slepper ut att den store fisken som skal gyte, seier han og likevel er klar på at det er viktig å få fisk første dagen.

– Men det går greitt å berre få kasta også. Tek laksen, så tek den. Om ikkje, så får den stå til i morgon, seier Neteland.