Hopp til innhold

Kjende seg skvisa i Helse Vest

Leiar i Sogn og Fjordane Arbeiderparti, Nils P Støyva, trekkjer seg som styremedlem i Helse Vest.

Nils P. Støyva

VART VANSKELEG: Nils P. Støyva meiner det blir for problematisk å både representere Ap og Helse Vest.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Støyva meiner rolla som Ap-leiar kjem i så stor konflikt med styrevervet at han trekkjer seg med omgåande verknad.

For stor konflikt

– Eg føler etter kvart at det blir ein stor konflikt og problematisk å sitje både som leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti og som styremedlem i Helse Vest. Eg vel å prioritere vervet mitt som leiar i Arbeidarpartiet. For å gjere det på ein best mogleg måte, og for å fremje synspunkta til Sogn og Fjordane Ap, går eg ut av Helse Vest, seier Støyva til NRK.

– Dette er ikkje å feige ut

Støyva, som også er ordførar i Stryn, har fleire gonger komme i konflikt mellom eige parti og regjering som vil behalde lokalsjukehus, og Helse Vest som må spare pengar og truleg vil legge ned fleire avdelingar.

Men Støyva avviser at han trekkjer seg for å gjere det meir behageleg å vere Ap-politikar i eit fylke der lokalsjukehusdebatten er brennheit:

– Dette er ikkje å feige ut. Det er rett og slett å prioritere det politiske vervet framfor styrevervet i helseføretaket.

Vil påverke regjeringa

Støyva trur han vil kunne påverke helsedebatten betre utanfor styremøta til Helse Vest.

– Det er viktig no å påvirke regjering og storting for å få løyvd meir midlar til helsetenestene i Sogn og Fjordane. Og det er viktig å påverke regjeringa og stå for dei standpunkta Sogn og Fjordane Arbeidarparti har. Det gjer eg best, har eg komme fram til, om eg står utanfor styret i Helse Vest, seier Nils P. Støya.