Skulle grave kabelgrøft – oppdaga gardsbruk frå bronsealderen

Nye funn under kabelgrøfting viser at jarnaldergarden Modvo i Luster er meir enn dobbelt så gamal som alle trudde.

Arkeolog Silje Foyn

ARKEOLOG: Silje Foyn i grøfta der dei fann dei eldgamle spora.

Foto: Vestland fylkeskommune

Ved Sogn skisenter på Hafslo, om lag eit kvarters køyretur frå Sogndal, ligg garden Modvo.

Her finst spor etter eit langhus og to gravhaugar frå tida mellom 300 og 500 e.Kr.

Modvo har difor blitt kalla ein jarnaldergard.

No viser nye spor at den er eldre enn som så. Mykje eldre.

I sommar skulle det gravast ei kabelgrøft i vegen over det gamle tunet. Då fann arkeologane teikn som tyder på at garden er meir enn dobbelt så gamal som alle trudde.

Modvo er ikkje om lag 1700 år gamal, men meir enn 3700 år gamal. Dei eldste funna er frå overgangen mellom steinalderen og bronsealderen.

– Det er jo ein kjend gard som er mykje skrive om i arkeologi-faget. Så at me finn noko som gjer garden 2000 år eldre, det er stas, seier Glenn Heine Orkelbog, leiar for feltarkeologi i Vestland fylkeskommune.

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp), er opprømt over at kommunen har fått sin eigen bronsealdergard.

– Dette er med å løfta statusen og betydninga av garden, og det set området i ein enno lenger historie enn me har visst tidlegare, seier han.

Les også: Sensasjonelt funn av gudehus på Sunnmøre

– Jernaldergarden på Modvo ligg i ein sørvendt, sjølvdrenerande morenebakke. Slike område var viktige i det tidlege jordbruket, sidan dei hadde gode føresetningar for å etablere og drive jordbruk, seier arkeolog Silje Foyn til fylkeskommunen sine heimesider .

Arkeologiske funn på Modvo i Luster.

KABELGRØFTA AVSLØRTE 4000 ÅR MED HISTORIE: Då arkeologane undersøkte kabelgrøfta i landbruksvegen over garden, fann dei mange tusen år gamle spor etter jordbruk.

Foto: Vestland fylkeskommune

Oppdaga på 60-talet

Dei første teikna på jordbruk i Noreg er frå omkring 4000 f.Kr. Men spora er få, og det er først frå 2400 f.Kr. at jordbruket slår gjennom her i landet.

Modvo er i dag det einaste kjende gardsanlegget i Sogn og Fjordane frå bronsealderen. Arkeolog Egil Bakka fann spora etter garden på 60-talet.

Då folket som budde der flytta vekk, var det ingen som tok over garden.

At garden vart liggande aude, gjorde det mogleg for arkeologane å finna ut meir.

– Det som er spesielt med Modvo er at golvlaga er intakte. Det vart funne restar etter avfallslag inne og ute, som gjer at me kan sjå kva som er gjort der, seier Morten Ramstad, seksjonssjef ved fornminneseksjonen på Universitetsmuseet i Bergen.

Funn av ein romersk mynt og restar etter glasbeger og glasperler, syner at det har budd rikfolk på garden.

Modvo i Luster kommune

DOBBELT SÅ GAMAL: Busettinga her viser seg å vera mykje eldre enn det arkeologane trudde.

Foto: Vestlands fylkeskommune

– Ikkje mange slike

Dei nye funna, som er berre nokre meter frå der tunet ligg, viser utelukkande spor etter dyrking.

Det er ikkje spor etter andre ting, som til dømes busetnader. Det i seg sjølv er interessant, forklarar Orkelbog.

– Det viser oss at det truleg har vore lang kontinuitet i plasseringa av gardstunet og området dei brukte til dyrking og beite.

– Kor mange gardar finst det der tunet har vore på same plass i så mange år, om det er tilfelle?

– Eg har ikkje tal på nøyaktig kor mange slike gardar det er funne i Noreg, men det er ikkje mange, for å seia det slik.

Fagleiar for feltarkeologi i Vestland Fylkeskommune, Glenn Heine Orkelbog

– DETTE ER STAS: Glenn Heine Orkelbog er leiar for feltarkeologi i Vestland fylkeskommune.

Foto: Privat

Ramstad ved UiB har merka seg det same:

– At det blir funne eldre spor i gode gardsområde i Indre Sogn, er i seg sjølv ikkje så overraskande. Men om det viser seg at tunet har vore på eksakt same plass i alle desse åra, då er dette spanande funn, seier Ramstad.

Nye arkeologiske funn på Modvo i Luster.

JORDLAG: Arkeologane fann heile åtte jordlag, der det eldste er nesten 4000 år gamalt.

Foto: Vestland fylkeskommune