Rasmus Hanson frå Miljøpartiet Dei Grøne meiner gigantbruene på Vestlandet vil øydelegge for tog, buss og bane kring dei store byane.
– Heile prosjektet er eit stjerneeksempel på utdatert samferdslepolitikk, seier Hansson.
- Les også: Lovar ferjefritt Vestland om 20 år
Ein mykje dyrare draum
For to år sidan, ombord på ei ferje over Boknafjorden, lanserte Liv Signe Navarsete og Trond Giske frå den raudgrøne regjeringa det som skal bli ferjesvela sin endelikt på hovudvegen mellom Stavanger og Trondheim.
– For meg og for alle andre vestlendingar er det ein draum som skal gå i oppfylling, sa Navarsete den gongen.
Nær samtlege parti, med unnatak av SV og Miljøpartiet De Grønne, har støtta prosjektet som skulle koste 150 milliardar og vere klart innan 20 år. No er det 18 år igjen, og nye tal frå Statens vegvesen (ekstern lenke) viser at vegen kan kome til å koste 268 milliardar før han står ferdig.
Det er høgare vegstandard mellom bruene, moms, usikre brukalkylar og prisvekst på anleggsarbeid som får milliardane på E39 til å rulle.
15 milliardar årleg
Skal ein halde skjema må det løyvast nær 15 milliardar kvart einaste år til bruer og tunnelar på Vestlandet. Då blir det lite att til kollektivløysingar kring byane, meiner stortingsrepresentant Rasmus Hansson.
– Det kjem til å støvsuge samferdslebudsjetta og vere direkte til hinder for kollektivløysingane som også er lova.
Men fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes (Ap), meiner Vestlandet har krav på å sleppe ferjene.
– Det vil kome store løyvingar til E39. Det må det. Noko anna står ikkje til truande, seier ho.