Hopp til innhold

Kjempar om NM-tittelen i bølgjene

Denne helga møtast Norges beste surfarar for å måle krefter i bølgjene.

Trass landets lange surfetradisjon, er det første gong NM i surfing blir halde på Stadlandet.

Men ikkje alt gjekk heilt knirkefritt i den første meisterskapen her i fylket. For bølgjene i Hoddevika var for små fredag, og dermed blei konkurransen flytta til Ervika.

– Havet i Hoddevika var nesten flatt, det var nesten ingen bølgjer i det heile teke, seier Mikael Bones Olsen, som er ein av dei kjempar om NM-tittelen i surfing.

Dermed måtte 50 surfarar setje seg i bilane, berre 12 minutt før konkurransen skulle ha starta. 30 minutt seinare var dei framme i Ervik og dei kunne hive seg ut i bølgjene.

Ei av surfeeldsjelene på Stad, Anne Kari Lerfald, blir også kalla surfemammaen er spent.

– Det er akkurat nok store bølgjer til at det kan bli ein morosam konkurranse. Bølgjene er ikkje store, men surfarane er så gode at dei fiksar det, seier ho.

Video NM i surfing på Stadt

SJÅ VIDEO: 50 surfarar kjempar om NM-tittelen i surfing på Stad.