Etter fire veker med sprengkulde er det no mildvêr og heftig regn i vente utover veka på Vestlandet.
Det kan by på problem, og deler av riksveg 5 mellom Førde og Florø vart i dag stengt i tre timar.
Årsak? Isreinsking.
– Denne isen er ekstra skummel fordi den heng rett over vegen, så vi må bli kvitt mest mogleg før den dett ned av seg sjølv, seier Jens Tveit, som er geolog i Statens vegvesen.
Tysdag vart eit helikopter og ei rivingskule på 800 kilo sett inn i arbeidet med å fjerne isen.
– Den brukar vi til å dunke ned så mykje vi klarer, seier Tveit.
RIVINGSKULE: Denne kula heng under helikopteret og blir dunka mot isen for å slå han ned.
Foto: Seline Larsen / NRK– Istappar veks fort
Tom Erik Englaugstad er trafikkoperatør i vegtrafikksentralen.
– Vi er ute på vegane døgnet rundt og har faste rutinar på dette, seier han.
Når det har vore så kaldt som no, må dei reinske tunnelar dagleg, fortel han.
Oppmodinga til bilistane er klar – hald auga ekstra opne i tunnelmunningar:
– Bilistar som kjem til ein tunnel eller fjellside kor det er mykje is bør melde ifrå til oss slik at vi får fjerna det.
Han legg til:
– I tillegg kan det vere lurt å stoppe og ta ein kikk på korleis det ser ut før ein køyrer forbi.
OPPRYDDING: Etter isen er riven ned frå fjellskrenten, må han fjernast frå vegen.
Foto: Seline Larsen / NRKSkred og snøfokk
Det er ikkje berre istappar som kan skape utfordringar dei komande dagane. I fjella kan det bli kraftig snøfokk, og vêromslaget aukar faren for snøskred i store delar av landet.
– Det er svært lett å løyse ut skred i fjellet no, seier vaktleiar Heidi Stranden hos snøskredvarslinga.
I går gjekk eit skrev over fylkesveg 614, ved Magnhildskartunnelen i Bremanger kommune.
- LES OGSÅ:
Snøskredfaren er på nivå 3 – betydeleg – i 19 av 23 regionar. Mellom anna Indre Fjordane, Jotunheimen og Indre Sogn.
Vaktleiaren snøskredvarslinga seier ustabile lag høgt i snødekket gjer det lett å løyse ut skred i heile landet.
– Etter kvart som vi no får meir nedbør og meir vind vil det bli endå lettare å løyse ut skred, seier Stranden som samtidig oppmodar om å unngå breitt terreng og utløpssoner for skred.
– Du kan også løyse ut skred på avstand, understrekar ho.