Kraftselskap på Vestlandet har tapt ein kvart milliard på satsinga utan at dei har fått opp ei einaste vindmølle.
Siri Hall Arnøy i miljøorganisasjonen Zero trur møllene vil kome dersom politikarane aukar støtta til utbygging.
– Svaret no er ikkje å bremse opp på fornybarutbygginga. Svaret er å syte for at vi får brukt meir av straumen på rett måte.
Måndag kunne NRK fortelje at kraftselskap på Vestlandet har tapt ein kvart milliard på sine vindkraftsatsingar. Låge kraftprisar og dårlege politiske rammevilkår gjer det lite lønsamt å byggje ut vindkraft.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Må få same vilkåra som Sverige
Men miljørørsla har framleis von om vindkraft. Difor vil dei samkøyre reglane for avskriving av nye anlegg med dei langt gunstigare svenske reglane.
Norge har i dag felles straummarknad med Sverige. Om ikkje Norge byggjer ut ved hjelp av grøne sertifikat vil svenskane gjere det. I Sverige har tempoet vore høgare, og så langt har naboane vunne kampen om å byggje ut raskast som følgje av den grøne sertifikatordninga.
– Målet vi sette då vi laga eit felles sertifikatstøtteordning med Sverige var at vi skulle få til å byggje ut omtrent halvparten av den nye fornybare energien vi støttar i Norge. Det målet når vi ikkje når dei svenske rammevilkåra er så mykje betre enn dei norske, seier Siri Hall Arnøy.
Men kraftbransjen strevar alt i dag med overproduksjon av straum og låge prisar, og i går sa konserndirektør for energi i BKK, Wenche Teigland, at ein skal vere varsam med meir subsidiering.
– No eller aldri
– Vi er innstilt på at elsertifikatmarknaden skal bli fullført fram mot 2020, men så trur vi at vi skal vere meir forsiktige med subsidiar.
Men trass i åtvaringa vil Venstra på Stortinget ha betre vilkår for vindkraft. Nyleg varsla partiet dette som eit krav i forhandlingane om statsbudsjettet til hausten.
Alfred Bjørlo er fylkestingsrepresentant og sit i sentralstyret til partiet. Han meiner det hastar å gjere noko slik at det ikkje berre er svenskane som får byggje ut.
– Det er no eller aldri. På statsbudsjettet for 2015 må vi få på plass konkurransedyktige rammevilkår for utbygging av vindkraft og annan fornybar energi.