Hopp til innhold

Kjempar for gratis utstillingar

Utstillingane ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn og andre liknande senter bør vere gratis, meiner dagleg leiar ved senteret.

Anne Kjos-Wenjum Armas

VIL HA GRATIS UTSTILLINGAR: Dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Anne Kjos-Wenjum Armas tok i 2010 initiativ til at det skal vere gratis å sjå utstillingane til dei 14 norske nasjonalparksentera.

– Folk skal ikkje måtte betale for å skulere seg om naturen. Eg opplevde i sommar at ein familie med to ungar stod i resepsjonen, og ungane gret fordi foreldra ikkje ville betale inngangsbillettane. Det synest eg er heilt forferdeleg.

– Urettvis fordeling

Difor har Jostedalsbreen Nasjonalparksenter søkt om auka statleg tilskot for at sentera skal vere for alle, uavhengig av økonomi. Billettprisen er 80 kroner for ein enkeltperson og 160 kroner for ein familie.

Men framlegget til statsbudsjett gav ikkje den auken ho hadde håpa på. Det kjem ein auke på 700.000 kroner som skal fordelast på 14 senter. Det er ikkje nok til å gje folk gratis inngang. Anne Kjos-Wenjum Armas meiner fordelinga av pengar til sentera er urettvis.

– Det er mange senter som har 1,5 millionar i tilskot i året, medan vi har 750.000 kroner. Sjå på Norsk Fjellmuseum i Lom, ein og ein halv time herifrå, det er eit knutepunktsenter som får 1,5 millionar i året fordi dei informerer om to nasjonalparkar. Eg trur framleis på at fordelingsnøkkelen blir annleis.

Anne Kjos-Wenjum Armas meiner senteret i Oppstryn og blir urettvist handsama samanlikna med senter som får same tilskotet som dei.

– På Otta har dei ei plakatutstiling og ein utstoppa moskus på jernbanestasjonen, dei har ikkje bygningar å vedlikehalde, dei har ikkje personale å løne, likevel får dei 750.000 kroner i året.

– Det er alvorleg at embetsverket likestiller ei slik utstilling med eit stort senter med tre faste stillingar, 34 arbeidstakarar og ope 12 månader i året og som tek imot 55.000 gjester i året.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn

SKAL VERE SAMLINGSSTAD: Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I år vart det selt om lag 40.000 billettar på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, og dei to siste åra har senteret hatt eit overskot på 450.000 kroner etter avskrivingar. Dette er nytta til investeringar og auka bemanning.

Senteret har tre heilårstilsette, men totalt gjennom året har 34 personar hatt arbeid i kortare eller lengre periodar.

Vil vere samlingsstad for bygda

Nasjonalparksenteret på Fosnes i Oppstryn kan snart feire 20-årsjubileum, og dei fleste ser på det som ein stad der turistar kjem innom for å lære meir om brear og fjell.

Men dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas vil at det skal vere eit senter også for dei som bur i bygda. I kaféen har dei installert storskjerm, slik at bygdefolk kan samlast for å sjå nasjonale hendingar som t.d. store meisterskap innan idrett.

– Det er viktig at nasjonalparksenteret blir ein samlingsstad i bygda, der folk kan stikke innom for å slå av ein prat, oppdatere seg og få eit måltid.

Bødalsbreen i Stryn

UT I NATUREN: Nasjonalparksenteret vil ha folk ut i naturen, som her ved Bødalsbreen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eigne vandreprosjekt

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har sett i gang eit vandreprosjekt der dei tek med individuelle og grupper på turar i nasjonalparken. I alt er det seks ulike turar folk kan vere med på.

Anne Kjos-Wenjum Armas seier at hovudmålsetjinga til nasjonalparksenteret er å få folk ut i naturen og legge til rette for informasjon om naturen.

– Eg har etablert turistinformasjon på fleire språk saman med ulike turkart ved inngangen.

Etter at dei starta med dette i sommar har over 15.000 blitt guida ut i terrenget på denne måten.