Hopp til innhold

Kjempar for at tobarnsmora Sabrin ikkje skal sendast frå barna før nyttår

Myndigheitene vil senda Sabrin Mohammed Ali til Sudan fordi dei meiner ho har loge. Fleire politikarar reagerer sterkt.

Sabrin Mohammed Ali med ein av sønene sine

VIL BLI: Sabrin Mohammed Ali vil bli i Noreg. Her saman med den yngste sonen sin, Muaz, på to og eit halv år.

Foto: Andrea A. Krüger / NRK

– Eg greier ikkje å forklara kva eg føler. Å spørja ei mor korleis det er å bli skild frå barnet sitt. Alle mødrer kan forklara det, men ikkje med ord, seier Sabrin Mohammed Ali.

Vesle julaftan fekk ho beskjed om det endelege avslaget frå Utlendingsnemnda (UNE). Ho må forlata Noreg før 1. januar 2022. Det var BT som omtalte avslaget fyrst.

Sønene Muaz og Bilal på to og fire år får bli i landet, sidan dei har norsk statsborgarskap, til liks med far deira.

Kjøpte sudansk pass

Ali kom til Noreg som flyktning i 2015. UDI og UNE meiner ho er frå Sudan, og ikkje Eritrea, slik ho sjølv seier ho er.

Til BT har ho fortald at ho blei fødd i grensebyen Kassala i Sudan i 1991, men at familien flytta tilbake til Eritrea i 1993.

– Då eg var ferdig på vidaregåande skule blei eg kalla inn til evig militærteneste i mitt heimland Eritrea. Eg gøymde meg i litt over to år, før eg flykta til Sudan i 2012, seier Ali til avisa.

I Sudan skal ho ha kjøpt seg eit sudansk pass for å kunne reisa vidare.

Det er dette passet som gjer at UNE meiner ho ikkje har rett til asyl i Noreg.

I dag har Ali sendt ei begjæring om utsetjing av utreisefristen til Politiets utlendingseining, opplyser hennar advokat Cecilie Schjatvet til NRK.

I begjæringa ber Ali om å få kontakta den sudanske ambassaden, for å finna ut ho om er velkomen i landet, som er naturleg om ho er sudansk statsborgar, slik UNE meiner.

Demonstrasjon mot at Sabrin Mohammed Ali skal bli sendt ut av landet. Digge Kibreab talar.

DEMONSTRASJON: Støttespelar Digge Kibreab talar til dei frammøtte demonstrantane på Torgallmenningen.

Foto: Andrea A. Krüger / NRK

– Hjarteskjerande, urimeleg og urettferdig

Onsdag ettermiddag samla demonstrantar seg på Torgallmenningen i Bergen for å ytra si meining om vedtaket.

Fleire politikarar reagerer kraftig på at vedtaket ikkje tek omsyn til barnas beste i saka.

– Det må utsetjast, slik at dei kan senka skuldrene. Så må ein sjå på kva som er til barnas beste i denne saka, seier stortingsrepresentant Dag-Inge Ulstein (KrF).

Erna Solberg og Dag-Inge Ulstein om klimasatsing

MOT VEDTAKET: Stortingsrepresentant Dag-Inge Ulstein (KrF) er mot UNE sitt avslag.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Saman med mellom andre stortingsrepresentant Sofie Marhaug (R) møtte han Ali før demonstrasjonen.

– Barns beste er ein menneskerett. At innvandringsregulerande omsyn skal telja meir enn omsynet til barns beste, det verkar på meg veldig underleg. Det er hjarteskjerande, urimeleg og urettferdig, seier Marhaug.

Men det er og politisk støtte for avslaget til UNE. Mari Holm Lønseth, innvandringspolitisk talperson i Høgre, ynskjer ikkje å gå inn i enkeltsaker, men seier ho støttar forvaltinga.

– Det er UDI og UNE som er sett til å forvalta regelverket som Stortinget har vedteke. Det regelverket må også følgjast i denne saka, seier Mari Holm Lønseth, innvandringspolitisk talperson i Høgre.

Mari Holm Lønseth (H)

STØTTAR VEDTAKET: Innvandringspolitisk talsperson i Høgre, Mari Holm Lønseth, støttar myndigheitene sitt vedtak.

Foto: Linda Bjoergan / Linda Bjoergan

Uriktige opplysningar veg tyngre

Ifølgje BT har Sabrin Mohammed Ali fått fem avslag om opphald i Noreg. Om ho reiser ut vil ho få innreiseforbod til Noreg i to år, før ho eventuelt kan søkja familiegjenforeining.

I ein e-post til avisa skriv UNE at dei meiner Ali har fått passet på lovleg måte i Sudan. Dei meiner og det er trygt å reisa til Sudan.

«Det å gje uriktige opplysningar om identitet blir sett på som så alvorleg at dette veg tyngre enn omsynet til barnas beste i denne saka», skriv avdelingsleiar Georg Magne Rønnevig i UNE til avisa.