Hopp til innhold

Kjempar for å behalde skulen sin

For Fjaler har kampen for å behalde vidaregåande skule blitt den store saka

Dale
Foto: Kjell Arvid Stølen, Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fjaler er for tida ein heller politisk fredeleg kommune. Ved sist val vart Ap desidert største parti, og ordførar Arve Helle (Ap) stiller på igjen. Det er vanskeleg å sjå kven som skal utfordre han.

Mogelege utfordrarar

Utfordrarpartia var om lag jamstore ved sist val og fleire av dei har skifta listetopp sidan då.

Senterpartiet hadde ved sist val ein del turbulens knytt til påstandar om organisert stryking, og gjorde eit heller dårleg val. No skal Kjetil Felde prøve å skaffe partitilliten tilbake.

Marita Solheim er Høgre sin nye toppkandidat, mens Hogne Kvangarsnes er tilbake som listetopp for Venstre

SV stiller med Erling Hjelle og Krf kjem tilbake med Hans Stav.

Einige om det meste

Fjaler har stort sett hatt samrøystes løysingar på dei fleste sakene siste året. Dei har stått saman om å få utbygging og aktivitet på Lutelandet, og for tida ser det rimeleg lyst ut.

Dalsfjordbrua er under bygging. Det er litt støy kring vindmølleplaner, og heilt fri for debatt om skulestruktur er heller ikkje Fjaler. Kanskje dei kan greie seg med ein ungdomsskule, meiner enkelte.

Kamp for vidaregåande

Den politiske skulekampen vil nok sterkare gjeld framtida til Dale vidaregåande skule som blir peika på som ein av dei truga når både elevtalet og pengane blir mindre for fylket i åra som kjem.

Her blir politikarane i Fjaler utfordrar til kreativitet, og har nyleg presentert samarbeid med UWC i Fjaler om ei internasjonal linje – såkalla IB-linje. Her må dei få fylkespolitikarane på si side.

Kommunesamanslåing

Denne diskusjonen kjem nok igjen i Fjaler også. To hovudgrunnar: Dalsfjordbrua og Samhandlingsreformen.

Fjaler - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

1995

28,5

8,2

29,9

7,4

8,1

18,0

1999

28,0

7,5

23,7

7,6

9,6

23,7

2003

24,1

11,9

24,0

5,0

16,2

18,8

2007

36,4

10,3

16,9

5,1

14,5

16,8