Hopp til innhold

Kjempa mot terrengbrann i éi veke – fortvilar over turistar som tenner bål

Skogbrannfaren er skyhøg og fleire kommunar har innført totalforbod mot eld. Likevel trassar mange forbodet. Campingeigar i Stryn er skremd. – Trur ikkje turistar veit kor farleg det er.

Sløkkingsarbeid på Årheimsfjellet i Stryn

SLØKKING: Brannmannskapen i Stryn måtte lenge slost mot terrengbrannen på Årheimsfjellet. Beredskapen er framleis høg.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Skogbrannfaren i Vestland er så høg at Stryn i lag med Gloppen, Bremanger, Stad og Kinn kommune, har alle innført totalt eldforbod.

Likevel trassar mange forbodet.

Torsdag oppstod det brann i Trivselsskogen på Sandane i Gloppen kommune. Tre grillhytter vart fullstendig overtente idet brannvesenet kom til staden. Antakelegvis stamma brannen frå ein eingongsgrill.

Laurdag kveld braut det på ny ut brann då to drivhus brann ned til grunnen på eit hagesenter i Gloppen

Brannsjefen i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg trur mange ikkje tenkjer seg om, eller veit om forbodet dei la ned.

– Eg synest ikkje noko om at folk trassar forbodet og tenner bål. Samtidig er mange av dei turistar og veit ikkje betre, seier han.

brann gloppen 6

GLOPPEN: På Sandane brann tre grillhytter ned til grunnen etter det byrja å brenne i ei søppelbøtte.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Krev mykje ressursar

Statsmeteorologane sende tidlegare i veka ut gult farevarsel for skogbrann i Vestland og Møre og Romsdal.

Terrenget er så tørt at kvar enkelt gneiste kan føre til storbrann.

Brannsjef i Stryn John Jatgeir Vinsrygg

ELDFORBOD: Brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg, trur mange ikkje er klar over eldforbodet som vart lagt ned.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

I Stryn har brannmanskapen heila veka slost mot terrengbrannen på Årheimsfjellet. Fredag vart den sløkt, men beredskapen er framleis høg.

– Me fann ingen varmeplassar, såkalla «hotspots», då me søkte i terrenget laurdag. Men det kjem ein drone som skal søkje i terrenget søndag, seier brannbefal Anders Maurseth i Stryn kommune søndag morgon.

Brannen i Årheimsfjellet blussa fleire gongar opp og har kravd mykje ressursar. Temperaturen i terrenget rundt brannen har vore målt til over 400 varmegradar.

– Det er lite ønskeleg å nytte masse ressursar å sløkke ein terrengbrann. Det er heller ikkje noko kjekt om skogen og terrenget vårt brenn ned her, seier brannsjef Vinsrygg.

Brannsjefen fortel at forbodet er lagt ned for ein grunn. No ber han innstendig folk om følge det, samtidig som han minner på at forbodet gjeld for all eld.

Brann i gartneri på Reed i Gloppen

ELDFORBOD: Trass eldforbod, har det har vore fleire brannar den siste tida. Laurdag braut det ut ein brann på eit Hagesenter i Gloppen.

Foto: Kristian Reed

Farleg villcamping

På Sande Camping i Stryn kommune måtte også campingeigar Magne Beinnes rykkje ut til fleire sløkkingar torsdag kveld. Han er skremd over situasjonen.

– Det er skremmande. Vi måtte mellom anna ut til nokre villcamparar å sløkke eit stort bål, seier Beinnes.

Frustrasjonen blant mange er høg. Torsdag skreiv Stryn kommune i ei pressemelding:

«Vi erfarer at folk ikkje respekterer det generelle forbodet mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen».

Sande camping

TRASSAR: Eigar av Sande Camping i Stryn, Magne Beinnes, trur at mange ikkje har fått med seg eldforbodet som kommunen la ned torsdag.

Foto: Malin Hannesdatter Sunde / NRK

Campingeigar Beinnes trur mange ikkje har fått med seg eldforbodet.

– Det er ikkje alle som høyrer på lokalradioen og får med seg at det er eit forbod. Eg trur spesielt ikkje turistane veit kor farleg det er no, seier han.

Fleire tilfelle i helga

Brannbefal i Maurset har også vore nøydd til å sløkke bål frå uvisste turistar denne veka.

– Det var nokre svenske turistar som hadde fått ein makrell som dei ville grille. Dei visste ikkje om noko forbod. Til slutt fekk vi informert dei om kvifor vi måtte sløkkje bålet deira, seier han.

Seinast laurdag kveld måtte han be ein engelsk familie som villcampa i Stryn om sløkke eit bål.

Det har også vore fleire liknande tilfelle i løpet av helga, ifølgje Maurset.

No oppmodar han alle til å følge eldforbodet som er lagt ned.

– Det er så knusktørt overalt at det er heilt forferdeleg, seier han.

Anders Maurset Stryn brann

KNUSKTØRT: – Det er så knusktørt at det er heilt fælsleg, seier brannbefal Anders Maurset.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK