Hopp til innhold

Kjem tilbake til Bergen

Neil Young måtte avlysa fleire konsertar i sommar, mellom dei konserten på Koengen i Bergen. Til sommaren er han tilbake saman med Crazy Horse.

Neil Young

TILBAKE: Neil Young spelar saman med Crazy Horse i Bergen i august.

Foto: Kim Erlandsen

Det skriv Bergen Live i ein pressemelding.

1. august 2014 står han på scena på Bergenhus festning, saman med bandet Crazy Horse. Bandet returnerer til Europa for ein eksklusiv turné, der dei besøkjer dei fleste av byane som fekk sine konsertar kansellert på seinsommaren 2013.

Skuffelsen hjå fansen var stor i august då eit av bandmedlemmane vart utsett for ei ulukke og kanadiaren måtte avlyse fleire konsertar i Europa og Canada.

Einaste i Noreg

Sist Neil Young vitja Bergen hausta han gode kritikkar, noko han også gjorde i Oslo i august før bandet altså måtte avlysa resten av turneen.

No returnerer han, og konserten 1. august vert den einaste rockelegenden gjer i Noreg sommaren 2014.

- Komponisten, vokalisten og gitaristen Neil Young har i over 40 år vore ein av rockens store personlegdomar. Young brenn sin fakkel like sterkt, om ikkje sterkare enn nokon gong, skriv Bergen Live i pressemeldinga.

Med seg i bandet Crazy Horse har han Frank "Poncho" Sampedro på gitar, Billy Talbot på bass og Ralph Molina på trommer. Billettsalet startar torsdag 19. desember klokka 09.00