– Det var ikkje utnemnd professorar, og det mangla undervisarar til fleire viktige fag. Men vi forstod fort at det kom til å utvikle seg til eit ordentleg universitet.
Minnet har ikkje svikta Kjell Skarsten. Han fortel om oppveksten på Kalfaret i Bergen, om avgjerda om å bli lege.
I krigsåra var han i flukt frå okkupasjonsmakta som ville sende mellom andre legestudentane på Blindern til Tyskland.
Etter krigen ser landet at dei har behov for fleire studiestader innan medisin. Skarsten vert tilbode å fullføre studiane i heimbyen.
– Eg var veldig i tvil om eg skulle takke ja. Men det vart for freistande å kunne bu heime.
STUDENT FOR 75 ÅR SIDAN: Kjell Skarsten er den siste attlevande studenten frå det første medisinkullet ved Universitetet i Bergen.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKUniversitetet vert til
Han opplevde at sjukehuset i Bergen er langt frå å vere eit universitet.
Dei hadde ingen mogelegheit til å undervise i fag som lungemedisin eller hudsjukdommar. Ingen av legane er professorar.
Likevel har han aldri angra på at han vart ein del av det første kullet studentar på UiB.
– Ingenting var klart, men alle var innstilte på å ta legge til rette for oss. Vi var berre 20 studentar, og vi fekk eit nært forhold til legane som underviste oss. Det var ei fantastisk tid.
I tida rett etter krigen manglar norske sjukehus mykje. Det vert tydeleg på utveksling i Göteborg.
– Samanlikna med Haukeland var det ei heilt anna verd. Her hadde dei alt vi berre kunne drøyme om. Utviklinga i Sverige gjorde at vi fekk ei komplett utdanning.
FØRSTE KULL: Det første medisinkullet ved Universitetet i Bergen, frå 1946. Kjell Skarsten ståande i midten med briller.
Foto: Atelier KK / UiBLegestudent i 2021
Mykje har endra seg på 75 år. I dag er det over 18.500 studentar på UiB.
Danielle-Arlene Bendiksen er i ferd med å gjere seg ferdig med andre året på medisinstudiet.
Ho studerer i dag i moderne lokale. UiB har blitt ein velutstyrt og velansett utdanningsinstitusjon.
– Det er framleis mykje pugging. Det er eit hardt studie, men draumestudiet mitt.
Som for Kjell Skarsten på 40-talet er motivasjonen å kunne hjelpe andre menneske.
– Å vere lege er ein slags mentalitet. Ein er alltid klar til å bruke det ein kan. Eg kjenner allereie at eg byrjar å tenke slik.
STUDENT I DAG: Danielle-Arlene Bendiksen studerer medisin ved Universitetet i Bergen i dag.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKDet beste frå dei ulike tidene
Både Skarsten (99) og Bendiksen (24) er samde om at medisinstudiet han endra seg til det betre.
– På vår tid såg vi ikkje ein pasient før vi var ferdige med studiet. Det var berre pugging, pugging og pugging, seier Skarsten.
Han har følgt godt med på legeutdanningane i tiåra etter han fullførte sine studiar.
– Det er ei heilt anna verd no. Vi kunne aldri ha sett for oss denne utviklinga.
Men Bendiksen meiner somme ting var betre før.
– Dei hadde eit tettare forhold til dei som underviste. No er vi jo over 160 studentar på kvart kull. Då er det meir vanskeleg med personleg oppfølging.
– Og så hadde det jo vore litt deilig om alt var skrive i ei bok, og ein ikkje måtte oppdatere seg digitalt heile tida.
Han bygde landet
Kjell Skarsten spesialiserte seg innan fødselshjelp. Det meste av yrkeslivet var han leiar av kvinneklinikken i Stavanger.
Han har vore med på ei utvikling som var umogeleg å førestille seg då han vart første uteksaminerte lege frå Bergen i 1949.
– Det har vore heilt eventyrleg. Då vi byrja var det knapt nokon spesialistar på sjukehuset i Stavanger. Etter kvart som samfunnet fekk meir pengar fekk vi det utstyret vi ville ha.
– Om du var 20 år igjen, ville du ha byrja som legestudent på UiB?
– Det er eit vanskeleg spørsmål. Eg angrar ikkje på mitt yrkesval. Men det er så mykje meir komplisert å vere lege i dag. Meir byråkrati og meir kritikk mot legar. Så eg er usikker.