Hopp til innhold

Kjeder varslar prisfall på trelast

Frå 1. oktober går prisen ned på fleire typar trevarer, men bransjen er usikker på om endringa er nok til at salet av nye bustadar vil auke.

Øystein Hope, Byggmakker Bruland i Førde

LÅGARE PRISAR: Øystein Hope i Byggmakker i Førde har allereie sett ned prisen på byggvarer, og varslar nye kutt i løpet av hausten.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Det har vore ei krevjande tid.

Dagleg leiar ved Byggmakker i Førde, Øystein Hope, ser ut over stablar med ulike trelasttypar.

No er lageret fylt opp, men dei siste åra har det vore vanskeleg å få tak i nok varer.

Med mangel på varer har prisen skote i vêret.

– Trelast er ei verdsvare. Skulle vi ha varer, måtte vi berre betale det det kosta.

Trelastvarer ved Byggmakker Bruland

FULLE LAGER: For eit år sidan var det langt vanskelegare å få tak i trevarer for kjedene. No er tilgangen betre, som igjen fører til lågare prisar.

Foto: Håvard Heggen / NRK

I 2021 auka trelastprisane kraftig i ein uroleg marknad. Bakgrunnen er mellom anna krigen i Ukraina, kraftprisen og inflasjon.

Tidlegare i år har husbyggarar stått fram og snakka om korleis dei totale kostnadane har auka med over 500.000 kroner.

Frå februar 2021 til februar 2022 har prisen for materiale til einebustader av tre auka med 30,9 prosent, ifølge SSB.

Men i løpet av 2022 har tendensen snudd. No varslar fleire kjeder om betydeleg prisnedgang frå 1. oktober.

Også gjennom sommaren i år sette fleire kjeder ned prisen.

Byggmakker seier prisnedgangen er størst på trelast.

– Nedgangen har vore størst på trykkimpregnert terrassebord og vi forventar ytterlegare reduksjonar framover, seier direktør Kjell Vidar Dokken.

Han trur prisen på trelast vil gå ned ytterlegare utover hausten og vinteren.

Maxbo Proff skriv på sine heimesider at prisane på trelast held fram med å søkke «som ein følge av redusert etterspurnad i marknaden – både nasjonalt og internasjonalt».

Frå 1. oktober blir den vidare reduksjonen i pris størst på høvellast og konstruksjonsvirke, på inntil 15 prosent, opplyser kjeda.

Optimera skriv til sine kundar at dei set ned prisen på trelast ytterlegare 1. oktober, og at det er «hyggeleg at vi også ved dette prisskiftet kan presentere ein betydeleg prisreduksjon».

Prisstigning på andre varer

Utfordringa er at prisen på andre varer enn trelast held fram med å gå opp.

Varer vi forventar prisauke på er relatert til produkt som er energikrevjande å produsere som for eksempel takstein, murprodukt og plateprodukt, seier Byggmakker-direktør Kjell Vidar Dokken.

Maxbo skriv at aukande energi- og fraktkostnader og mangel på mange råvarer, gjer at marknaden for byggevarer «blir verande ustabil».

Kjeda varslar om prisauke på varer som til dømes sement og mørtel, papprodukt, isolasjon og byggfolie. I fleire av varegruppene er auken på inntil 10 prosent, men variasjonane er store.

Øystein Hope, Byggmakker Bruland

OPPTEKEN AV PRIS: Øystein Hope i Byggmakker i Førde seier kundane er særs medvitne på pris. Enkelte har utsett prosjekt i påvente av lågare prisar.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Nedgang i bustadmarknaden

Boligprodusentenes Forening er usikre på om prisnedgangen er nok til å få fart i bustadsalet.

Dei siste tala som vart lagt fram i førre veke var nedslåande, sett frå bransjen sin ståstad.

  • Salet av nye bustadar i juli og august 2022 er 29 prosent under juli og august 2021.
  • Oppstart av nye bustader i juli og august 2022 er 24 prosent under juli og august 2021.
  • Salet av nye fritidsbustader hittil i år er 55 prosent under same periode i 2021.

Nye boliger i Oslo

FÆRRE NYE BUSTADAR: Det siste året har salet på nye bustadar gått kraftig ned.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Så langt i år er det seld rundt 13.000 bustadar. Det er 20 prosent mindre enn same periode i 2021.

Det som kan gi litt optimisme er byggekostnadsindeksen for bustadar, som blir laga av SSB.

Den viser at kostnadane framleis aukar, men berre 0,7 prosent frå juli til august i år. Det er langt mindre enn ved årsskiftet.

Administrerande direktør, Lars Jacob Hiim, seier det avgjerande framover blir kor mykje trelastprisane går ned.

– Spørsmålet er om det held fram med å gå ned. Då kan vi nok få ei endring i bustadsalet. Dersom det stabiliserer seg på eit ganske høgt nivå, så tek det nok tid før vi ser noko endring i marknaden.

Han seier det også er andre faktorar som spelar inn i uheldig retning. Både stigande rente og lang behandlingstid på nye byggeprosjekt.

– Når det blir bygd for få bustadar i forhold til behovet, så kan det fort igjen føre til prispress i marknaden, seier Hiim.

Lars Jacob Hiim

AVVENTAR: Adm.dir i Boligprodusentenes Forening, Lars Jacob Hiim, er glad for lågare prisar på trelast, men er usikker på om det er nok til å få fart i bustadsalet.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK