Hopp til innhold

Ei kjærleikssorg fekk han til å begynne – no spring han to timar om dagen

Ei kjærleikssorg for 30 år sidan fekk Terje Lyngstad til å begynne å springe. Sidan har han ikkje sett seg tilbake.

Terje Lyngstad

ANBEFALING: – Eg kan anbefale alle å kome seg ut i naturen og halde seg i form, seier Terje Lyngstad.

Foto: Peter Tubaas

Berre i år har løpsentusiasten lagt bak seg meir enn 1250 kilometer.

– Du kjem frykteleg langt ved å halde farten nede, seier Terje Lyngstad.

850 av kilometrane Terje Lyngstad har tilbakelagt i år, har vore i ulike konkurransar. Nyleg deltok han i Bømlo ultrafestival. På 31,2 timar og i sterk varme sprang han 300 kilometer. Det heldt til ein solid andreplass.

– For meg var det eit eventyr. Det trur eg det var for alle som stilte opp, seier Lyngstad.

Bømlo ultraløp-t-skjorte

BEVIS: Terje Lyngstad i t-skjorte frå Bømlo ultrafestival. – For meg var det eit eventyr. Det trur eg var for alle som stilte opp, seier Lyngstad.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Han synest langløp har noko fascinerande ved seg.

– Det er litt vanskeleg å forklare, men eg trur alle som driv med det, skjønar det intuitivt. Dette med å kome seg frå ein stad til ein annan på beina, legge tilbake ein avstand – erobre ein plass på eit vis.

Går seks-sju skopar

For fem år sidan sprang den tidlegare sjefen for Sogn og Fjordane Teater fylket rundt i samband med ei førestilling om løpskongen Mensen Ernst frå Fresvik. Men springinga begynte han med allereie for over 30 år sidan.

– Ser du på statistikkar på kvifor folk begynner å springe er det, kjem det ofte av, kall det ei krise. For min del var det ei god gammaldags kjærleikssorg, seier han.

Terje Lyngstad

STARTEN: – Ser du på statistikkar på kvifor folk begynner å springe er det, kjem det ofte av, kall det ei krise. For min del var det ei god gammaldags kjærleikssorg, seier Terje Lyngstad.

– Det var ei livsstilsendring. Eg trur mange har slike motivasjonar. Dei skal tape litt vekt, kome ut av noko og inn i noko betre.

Hippieidrett

Han meiner dei mest ekstreme ultraløpa er ekstremidrett, men sjølv vil han kalle det nær ei «hippieform for idrett.»

– Du er ute på landevegen, pratar med sidemannen, du kan ikkje spurte og har ikkje veldig høg puls. Det er litt som å vere ute på tur.

Lyngstad spring kring to timar om dagen. På eit år ryk det fort med seks-sju skopar. At han trenar mykje, er med på å halde han skadefri.

– Trenar ein lite, og tar litt i innimellom, trur eg kroppen har vanskeleg for å ta det og ein får store belastningar. Treningsmengda, kombinert med at nesten alt går på veldig låg fart, held eg meg skadefri.

Mange minne

Lyngstad samanliknar tida han bruker på springing, med tida andre bruker på andre hobbyar. Han meiner langløp kan vere noko for alle.

Terje Lyngstad

LANGLØP-TREND: – Det er ein trend internasjonalt og her i Noreg. Eg var med på Rallarvegsløpet for eit par veker sidan. Det var eitt av dei første løpa. No har det berre balla på seg. Hornindal rundt mest ekstreme terreng-ultraane har i Europa.

Foto: Peter Tubaas

– Men du må vere trent, ha ein motivasjon og synest det er moro. Finn ein å trene i lag med, og kom deg ut.

Sjølv har han mange minne frå dei tallause mila han har lagt bak seg gjennom åra. Fleirtalet er gode, men ikkje alle.

Eitt av sterkaste er frå Boston i 2013, då det smalt ei bombe der. Det gjorde noko med meg. Eg reiste tilbake året etterpå. og fekk ei av mine beste tider. Det var mange som deltok, og mange som stod langs løypa. Det var ei gåsehud-oppleving av dei sjeldne.

Alt denne helga ventar eit nytt løp. Laurdag skal 63,3 kilometer tilbakeleggast under Møkster Ultra. Joggeskoa blir ikkje lagt på hylla med det første.

– Eg kjenner folk i 70-åra som spring. Eg trur eg har 20 år med springing igjen.