Kjærleiksforhold blir fylkestingsak

Kjærleiksforholdet mellom hovudutvalsleiar Karianne Torvanger og ein seksjonssjef i Vestland fylkeskommune blir ei politisk vedtakssak i fylkestinget til veka. Det skriv Sogn Avis. Saka skal til full politisk behandling, fordi forholdet mellom utdanningspolitikaren og den leiande utdanningsbyråkraten pågjekk ei stund, utan at leiing blei orientert. Det blir rekna som eit tillitsbrot. Fylkestinget skal ta stilling til om Torvanger skal få behalda vervet sitt eller fråtre.

Karianne Torvanger
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK