Kjærleik ved fyrste blikk

Den verdskjende rockevokalisten Mike Patton har lagt sin elsk på norske kunstnarar. I Bergen møtte han multiinstrumentalist Stian Carstensen.

Hjarteleg møte mellom musikalske motpolar

Mike Patton og Stian Carstensen har beundra kvarandre lenge. I går møttest dei for fyrste gong

Foto: Christian Kråkenes / NRK

- Han er sjarmerande og attraktiv, det er kjærleik ved fyrste blikk.

Patton har nett møtt sitt norske idol for fyrste gong.

Heilt sidan han høyrte ein kassett med multiinstrumentalisten sin musikk for mange år sidan har han ynskja å møte han.

- Eg var ikkje nervøs, men det er alltid hyggeleg å møtast og få ei god kjensle, seier Carstensen.

TIlsynelatande er det to motpolar som no forener sine musikalske krefter.

Med si karakteristiske røyst har Mike Patton gjort suksess med band som Faith No More,

Den amerikanske musikeren Mike Patton, Faith No More

Mike Patton var tidlegare vokalist i rockebandet Faith No More.

Foto: Jay Blakesberg/handout

Mr Bungles, Fantomas og Tomahawk.

Hans norske idol er mest kjent frå Famers Market, som har opna publikum sine auge for bulgarsk folkemusikk.

I går forente dei kreftene sine med konsert på samtidsmusikkfestivalen Borealis i Bergen.

- Eg passar inn overalt og ingenstader, seier Patton, eg kan opptre på rockefestivalar, frijazzfestivalar, eg er komfortabel med alt.

Satsar på norsk musikk

Det er ikkje fyrste gong amerikanaren samarbeider med norske kunstnarar. Han har lenge brukt Arna-designaren Martin Kvamme sine verk.

Kvamme hadde laga 100 eksemplar av ein spesialplakat til Borealis-konserten.

- Har du sett noko liknande før?

Den svarte tredimensjonale plakaten fell tydeleg i smak og Kvamme sin design er også å finne på mange av platecovera som blir utgjevne på Patton sitt selskap Ipecac Recordings.

I tillegg har Mike Patton også gjeve ut plate saman med den stavangerske musikaren og komponisten Kaada.

– Det må vere noko med vatnet her, smiler han, det er gode kunstnarar over heile verda, også i Norge.

No held han fram med å fremje norsk musikk. På søndag kjem Farmers Market si plate "Surfin' USSR" ut.

Den er det Ipecac Recordings som står bak. Carstensen er takksam for at labelet vågar å satse på bandet.

– Med Patton i ryggen kan vi gjere det vi vil, seier han, og det er veldig bra, for vi hadde ei slags slavekontrakt med det førre selskapet vårt.