Hopp til innhold

Kirurgisk manglar fagfolk

Kirurgisk avdeling ved Førde Sentralsjukehus har hatt ein stor auke i talet på pasientar dei siste åra. Samstundes får dei ikkje tak i nok fagfolk.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

Det gjer at dei tilsette har svært mykje å gjere, og er veldig sårbare dersom personell fell i frå. Dei tre første månadene i år har dei operert omlag dobbelt så mange pasientar som på same tid for to år sidan, utan at dei er fleire tilsette. Det fortel avdelingssjef Nils Sletteskog.

- Vi har svært travle dagar, for vi har ein stor pågang av pasientar. Vi som skal behandle er ikkje fleire enn vi var for eit par år sidan.

Eldre befolkning

Årsaka til pasientauken er fleire tilstandar som treng kirurgisk behandling, mellom anna fordi befolkninga blir eldre. Samstundes er det stor mangel på fagfolk.

- Vi har prøvd å skaffe fagfolk, men det er ikkje lett. Det er mangel på fagfolk i heile Norden. Det er klart at dette blir slitsamt over tid, og vi blir veldig sårbare viss ein i systemet blir ute av drift, seier han.

Likt i heile Norge

Og Legeforeningen er bekymra. Visepresident Per Meinich seier dette er ein klar trend over heile landet.

- Dette er typisk for heile landet. Aktiviteten har gått opp dei siste åra utan at det har vore ein tilsvarande auke i personellet, seier Meinich.

Står på dag og natt

I Helse Førde har kapasitetsproblemet til no ikkje gått utover ventelistene, seier Sletteskog.

- For å klare det, må vi som er i systemet stå på nær sagt både dag og natt, seier Sletteskog.